Kulturminneprisen til eigarane av Mølltunet
9.11.2021 16:30:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding

Årets kulturminnepris går til eigarane av Mølltunet. Det er Annette Synneva Møll og Willy Fredheim, Per Otto Solhaug og Lia Ørjasæter Solhaug, Jan Ottar Møll og Solveig Loe Woldseth.
Mølltunet omfattar tre bruk; Utigard, Bøtel og Framigard med kvar sin eigar.
Tunet har over mange år vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle bygningsmiljøet.
- Det er ei ære å bli anerkjent for det arbeidet vi gjer på Mølltunet, og at kjærleiken vi har til staden er blitt lagt merke til. Å få ein slik pris er også ei ære til dei som vi arva det i frå, seier Anette Møll.
Eigarane av Mølltunet får i dag tildelt Riksantikvaren sin kulturminnepris under haustmøtet i Bodø. Dei får prisen for å bu, drive og ta vare på eit autentisk klyngetun.
- Mølltunet er fantastisk tun som ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette bygningsmiljøet har vore uendra dei siste 120 åra, ikkje minst på grunn av dedikerte eigarar. Tunet er eit framifrå eksempel på vern gjennom bruk, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Tunet ligg ved den bratte Ørnevegen i Geiranger. Nye bustadhus og driftsbygg er bygd utanfor den gamle tunskipnaden. Slik har det vore mogleg å ta vare på det opphavelege tunet, og samstundes kunne bu og drive eit meir rasjonelt og moderne jordbruk på staden.
Mølltunet har 11 freda bygningar, daterte til 1700-talet og fram til 1905.
Klyngetuna var vanleg på Vestlandet frå mellomalderen og fram til midten av 1800-talet då dei store innmarksutskiftingane fann stad. Klyngetuna danna ofte små, tettbygde «landsbyar» som var samansette av fleire bruk med ein tett sosial struktur.
Etter utskiftingane vart desse oppløyste og enkeltståande bruk vart oppretta. Der det av ulike årsaker, mellom anna rasfare på staden, ikkje var mogeleg å danne enkeltståande bruk, slik som på Møll, vart difor den gamle tunstrukturen ståande.
Juryen si grunngjeving
I Mølltunet held dei liv i det gamle freda tunet. Eigarane inviterer deg inn på tunet, formidlar og fortel med engasjement om historia til plassen.
Tunet har over mange år vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle kulturlandskapet og bygningsmiljøet. Framleis er det to fastbuande her, noko som skapar liv i tunet heile året.
Mølltunet har fleire freda bygningar og er eit bygnings- og kulturhistorisk viktig døme på eit tettbygd klyngetun i eit bratt vestlandslandskap. Bygningane er frå midten av 1700-talet og fram til 1905. Klyngetunet på Møll fortel oss i dag om landbruk, byggeskikk og landskap i tida før industrialiseringa av landbruket. Tunet ligg midt i verdsarven, og er eit framifrå eksempel på vern gjennom bruk, på at fortida gir framtida verdi.
Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris
2020: Inga Næss
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreininga Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegarden v/eigarane Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skule og handverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Film av prisvinnarane
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder


Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Milliontilskudd til stavkirkene29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Nå har Riksantikvaren fordelt tilskudd til stavkirkene for 2026. Se hvilke prosjekter som fikk.
Milliontilskot til stavkyrkjene29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
No har Riksantikvaren fordelt tilskot til stavkyrkjene for 2026. Sjå kva prosjekt som fekk.
8,7 millioner kroner til kulturmiljø på kysten og i landbruket27.1.2026 07:20:50 CET | Pressemelding
Havnene langs norskekysten og områdene fra landbruksnæringene forteller viktige deler av historien om Norge. Nå gir Riksantikvaren 8,7 millioner kroner i tilskudd for å videreutvikle disse kulturmiljøene.
8,7 millionar kroner til kulturmiljø på kysten og i landbruket27.1.2026 07:20:50 CET | Pressemelding
Havnene langs norskekysten og områda frå landbruksnæringane fortel viktige delar av historia om Noreg. No gir Riksantikvaren 8,7 millionar kroner i tilskot for å vidareutvikle desse kulturmiljøa.
Delte ut 43 millionar til arkeologi – dette var dei mest spanande funna26.1.2026 14:08:39 CET | Pressemelding
Riksantikvaren delte ut 43 millionar kroner i tilskot til arkeologiske kulturminne i 2025. Her er nokre av dei spanande funna som vart gjort i Noreg i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
