
Universitetet i Agder tek over prestisjetidsskriftet Edda

Alle artiklane i den første utgåva – Edda nummer 2, 2021 – dreier seg på ein eller annan måte om politikk, makt og samfunn.
– Dei viser korleis litteraturen går inn i sosiale samanhengar som får konsekvensar for måten menneska tenkjer og handlar på, og koreleis han såleis også deltar i spelet om makt, seier professor Unni Langås ved Universitetet i Agder (UiA).
Saman med kollegaene Bjarne Markussen og Svein Slettan har ho no teke over som redaktør av tidsskriftet Edda.
– Makt dreier seg mellom anna om klasse og kjønn, og om kven som kjem til orde i den offentlege samtalen. Slike spørsmål er litteraturen og dermed også litteraturvitskapen opptekne av, seier Langås.
Edda såg dagens lys i 1914. Tidsskriftet har ein sterk posisjon i Norden. Det er i fremste rekke når det gjeld å publisere forskingsartiklar om nordisk litteratur. Universitetsforlaget står for utgjevinga av tidsskriftet.
Honnør til fagmiljøet
Langås ser det som ei anerkjenning at fagmiljøet ved UiA enda ein gong får redaktøransvaret. Førre gongen var i perioden frå 2000 til 2005. Ho var også med den gongen. Da som redaktør saman med professor Andreas Lombnæs og professor Jahn Thon. Sistnemnde er sidan gått bort.
Men ho avviser at forskarar frå UiA no får lettare innpass med sine fagartiklar i Edda.
– Her er det ikkje kjennskap og vennskap som avgjer om du kjem på trykk. Alle stiller likt. Alle innsendte manus vert vurderte etter dei same kvalitetskrava, seier ho.
Som redaktør ser ho fram til tett kontakt med det litteraturvitskaplege fagmiljøet nasjonalt og internasjonalt. Redaktørane får svært god oversikt over det som går føre seg i fagfeltet. Det trur ho kjem heile forskingsmiljøet ved UiA til gode.
Edda på det øvste nivået
Edda har status som nivå 2-tidsskrift. Og nivå 2 er det øvste vitskaplege nivået ein forskar kan publisere på.
– For å halde på statusen som nivå 2-tidsskrift, må artiklane vi publiserer halde eit høgt nivå og vere internasjonalt orienterte. Tidsskriftet skal spegle utviklinga innan litteraturvitskapen og forskinga både i Norden og ute i verda, seier Langås.
Ho understrekar òg at Edda har ei særlig plikt til å ta vare på norsk som vitskapsspråk og sikre at forskarar ved norske institusjonar kjem til orde med jamne mellomrom. Samtidig opnar Edda for artiklar på andre nordiske språk og engelsk.
Diskusjon om kvalitet
– Redaktørarbeid er ein viktig del av forskingsoppgåvene våre, fordi det påverkar den vitskaplege produktiviteten og kvaliteten i fagmiljøet. Dessutan held vi oss fagleg oppdaterte. Eg ser spesielt fram til redaksjonelle diskusjonar om kvaliteten på og relevansen av dei artiklane vi tek imot, seier professor Bjarne Markussen.
Også Markussen understrekar at redaktørane ikkje vil leggje føringar på det dei vitskaplege skal forske på og skrive om. Men han er ganske viss på at forskarane vil halde fram med å følgje opp trenden blant dei skjønnlitterære forfattarane.
– Såkalla røyndomslitteratur der dikting og fakta vert blanda saman har vore mykje diskuterte dei seinare åra, både av moralske og litterære grunnar. Økokritikken som tek for seg klima- og miljøspørsmål i litteraturen har også vind i segla. Begge desse områda vil nok verte diskuterte i Edda framover, seier Markussen.
Makt og samfunn i litteraturen
– Det er eit tydeleg samfunnsengasjement hos ein del forskarar no om dagen. Klimakrisa engasjerer både forfattarar og forskarar, seier professor Svein Slettan.
Han viser mellom anna til ein av artiklane i siste nummer av Edda. Den dreier seg om petroleumskultur i nyare norske romanar.
Sjølv har Slettan forska på barnelitteratur i mange år. Men han kan ikkje love å prioritere det i Edda.
– Men om folk kjenner seg motiverte av at det sit ein som forskar på barnelitteratur i redaksjonen, må dei gjerne prøve å sende inn ein artikkel. Det viktige er kvaliteten på artiklane. Gode litteraturvitskaplege artiklar er alltid velkomne, uansett tema. Det er utgangspunktet vårt, seier Slettan.
Nøkkelord
Kontakter
Atle ChristiansenseniorrådgiverUniversitetet i Agder, kommunikasjonsavdelingen
Tel:91161119atle.christiansen@uia.noBilder




Om Universitetet i Agder (UiA)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Agder (UiA)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Agder (UiA) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Agder (UiA)
Collets kafé: Blir barnehagen for skolsk?15.10.2021 14:44:09 CEST | Pressemelding
Velkommen til Universitetet i Agders nye arena for forskningsformidling, tirsdag 19. oktober på Teateret i Kristiansand.
Sellerispisende ettåringer overrasket i barnehagen12.10.2021 07:00:00 CEST | Pressemelding
Ettåringer kan elske alt fra selleri til minestronesuppe og brokkoli. Men de kan trenge flere forsøk før ny mat blir en favoritt.
Gratis videreutdanningstilbud innen idrett og økonomi5.7.2021 07:00:00 CEST | Pressemelding
Til høsten kan du ta fire ulike gratis videreutdanninger i idrett og økonomi ved Universitetet i Agder. Du trenger bare generell studiekompetanse for å kunne søke.
Etablerer nevrovitenskap ved UiA2.7.2021 08:09:41 CEST | Pressemelding
Forskerparet Hanne og Tor Stensola fra Kristiansand flytter hjem og etablerer nevrovitenskap som nytt fagmiljø ved UiA. Satsingen blir mulig gjennom et sørlandsk spleiselag på 26,5 millioner, og styrker UiAs arbeid med et fremtidig profesjonsstudium i psykologi.
Det sørlige Norge var mer isolert enn tidligere antatt15.6.2021 13:02:35 CEST | Pressemelding
Rogaland, Agder og Telemark har hatt overraskende lite tilflytning de siste par hundre årene. Det viser en ny genetisk studie som er den første av sitt slag i Norge.