Rapport om naturmangfald er no klar

– Vegvesenet er svært opptekne av å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag når det gjeld naturmangfaldet i dette planområdet. Regjeringa har også understreka at dei vil at ein framtidig E39 Stord-Os skal øydeleggje minst mogleg av verdifull natur. Då er det viktig at vi har god oversikt og kunnskap om kvar denne finst, seier planleggingsleiar Ellen Slinde.
Kartlegginga av området vart utført i feltsesongen i 2020 og omfatta naturkartlegging og verdivurderingar både på land, i vassdrag og i sjøen. Rapporten dannar ein del av grunnlaget for justering og forbetring av veglinja som vart vedteken i kommunedelplanen i 2019.
Nasjonal ekspertise
– Asplan Viak er kjende med området frå undersøkingar i samband med kommunedelplanen. For å dekke mest mogleg av undersøkingsområdet og tema, har dei i tillegg hatt med seg fleire underleverandørar. Blant kartleggarane finn me mellom anna nasjonale ekspertar på boreonemoral regnskog, som er ein viktig naturtype på Tysnes, fortel planleggingsleiar Slinde.
Fleire nye lokalitetar
Denne siste kartlegginga registrerte 137 nye naturtypelokalitetar. Totalt er det nå registrert 202 naturtypelokaliteter på land innanfor undersøkingsområdet.
Dei største kategoriane i denne registreringa er:
- 53 kystmyrlokalitetar
- 27 lokalitetar med store gamle tre
- 16 rik sump- og kjeldeskog
- 14 regnskogslokalitetar
Innanfor dei kartlagde områda vart det også registrert over 700 førekomstar av raudlista plantar, lav, mose og sopp (Sjå figur 1).
Fleire registreringar framover
Den førre kartlegginga blei gjort tilbake i 2015 i samband med kommunedelplanen. No er prosjektet i reguleringsplanfasen og undersøkingsområdet er innsnevra og fleire viktige detaljar er kartlagt og registrert.
–Det neste året skal vi registrere og måle blant anna myrer, skog, vassdrag og anna som vi ser vegen får følgjer for. Informasjonen vil bli nytta for å gjere ei best mogeleg vurdering av kor veglinja skal gå, understrekar Slinde.
Desse målingane vil også danne ein del av grunnlaget for klimabudsjettet som skal utarbeidast.
Vassdrag og marine kartleggingar
Kartlegginga undersøkte mange større og mindre vassdrag med tanke på fisk, særleg sjøaure og ål. Lokalkjende kom med god informasjon om ål til fiskebiologane som kartla vassdraga.
I samband med optimalisering av veglinjene skal vi sjå på alternative kryssingar av Søreidsvågen. Her er det difor supplert med marine naturkartleggingar, som viser at det er lokalt viktige verdiar i planområdet.
Hjortetrekk og tilrettelegging av faunapassasjar
Det er også gjort supplerande undersøkingar kring hjort og hjortetrekk.
– Det er mykje hjort i dette planområdet, og det må leggast til rette for faunapassasjar på strategiske plassar. Ti viktige trekkvegar for hjort vart blant anna registrert. Ein i Os, to på Stord og sju på Tysnes. Lokale jegerar og grunneigarar bidrog med verdifull kunnskap i dette arbeidet, understrekar Slinde.
Framleis mykje kartleggingsarbeid
Det står enno att nokre område å kartlegge. Dette gjeld i hovudsak mellom Økland og Hodnaneset på Tysnes, og noko langs ny trasé på Stord. I tillegg skal nokre insektgrupper kartleggast, og desse lokalitetane er spreidde i planområdet. Det vil difor også i 2021 dukke opp ein naturkartleggar nær deg om du bur i planområdet til E39 Stord-Os.
– Me håper dei vert godt mottekne, slik som dei vart i 2020. Dette arbeidet er svært sentralt og viktig for oss, oppfordrar Slinde.
Nøkkelord
Kontakter
Ellen SlindePlanleggingsleiar, E39 Stord-Os (Hordfast)Statens vegvesen/Utbyggingsdivisjonen
Tel:992 03 238e39stordos@vegvesen.noBilder



Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nye attraksjoner langs Nasjonale turistveger i 20257.2.2025 10:15:00 CET | Pressemelding
I løpet av året fullfører Statens vegvesen sju turistvegprosjekter langs fem av de 18 nasjonale turistvegene. Med det vil antallet gjennomførte prosjekter være oppe i 185.
Stian Brenden Maskinservice AS skal drifte riksvegene i Gudbrandsdalen i fem nye år7.2.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Stian Brenden Maskinservice AS har vunnet anbudskonkurransen om å drifte riksvegene i Gudbrandsdalen og Ottadalen i perioden 2025-2030.
Statens vegvesen inviterer næringa til å læra meir om tunneltryggleik7.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer transportnæringa og køyreskular i Sogn og Fjordane til å delta på beredskapsøving i Kjøsnestunnelen onsdag 12. februar.
Uvær i Nord-Norge: Fjelloverganger, bruer og ferjeforbindelser kan bli stengt på kort varsel6.2.2025 15:10:15 CET | Pressemelding
Mye vind og snøfokk skaper problemer på veinettet i store deler av Nord-Norge det kommende døgnet.
Milliardavtale kunngjort for Noregs største tunnelprosjekt5.2.2025 11:01:00 CET | Pressemelding
I tråd med Statsbudsjettet har Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) kunngjort ei stor rådgjevingsavtale med verdi på inntil 2,2 mrd. inkl. mva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom