Løyve til ny kraftleidning mellom Dalen, Veland og Hjelmeland
Lyse Elnett har fått konsesjon til å byggje ein ny ca. 30 kilometer lang 132 kV kraftleidning mellom Dalen, Veland og Hjelmeland transformatorstasjonar. Det vert òg gitt løyve til bygging av nye Veland og Hjelmeland transformatorstasjonar.
Auka straumforbruk i området
Bakgrunnen for vedtaket til NVE er at dagens 50 kV kraftleidning er gammal og at den ikkje har nok kapasitet til å sikre forsyning av straum til det aukande forbruket i området. I Hjelmeland kommune er det mellom anna eit sterkt aukande forbruk på grunn av elektrifisering av ferjer, og Strand kommune opplever stor næringslivsvekst. Det er og ny fornybar kraftproduksjon i regionen som krev auka straumkapasitet.
– NVE har konkludert med at tiltaka det er søkt om er nødvendige for å oppnå tilstrekkeleg kapasitet og forsyningssikkerheit, og at det vil legge til rette for det auka forbruket i regionen, seier Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef for nettkonsesjon i NVE.
Val av trasé
Ny 132 kV leidning skal hovudsakeleg etablerast parallelt med den gamle 50 kV leidninga, men vil stadvis byggjast i heilt nye trasé. På strekninga mellom Paddevatnet og Skodbraud vart det søkt om fleire traséalternativ, og NVE har her gitt løyve til dei vestlegaste alternativa.
Den nye kraftleidninga vil over Holtaheia kryssa «Moldhesten» der det er kystlynghei, som i følgje naturmangfaldlova er ei utvald naturtype. NVE har difor satt vilkår om at Lyse Elnett skal ta omsyn til naturtypen i anleggsarbeidet for leidninga. Strekninga over Moldhesten vil vere om lag 2 kilometer. Les meir om vedtaket her.
Nøkkelord
Kontakter
Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef
tlf: 22 95 90 33
liha@nve.no
Katrine Stenshorne Odenmarck, seniorrådgjevar
tlf: 22 95 93 27
kast@nve.no
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom