NRK feirar norsk musikk

I år som i fjor speler NRK P1 berre norske artistar frå måndag og fram til og med fredag 16. april.
– Norske musikarar og artistar er viktige for NRK, samfunnsoppdraget vårt og lyttarane våre. Vi ønsker både å hylle dei, og glede lyttarane med mangfaldet av den framifrå norske musikken som er skapt no og tidlegare. Det er ein veldig god tradisjon å gi lyttarane både godt kjente og ukjente norske musikarar og musikk på alle kanalar på fredagen, og for over ein million lyttarar på NRK P1 heile veka, seier radiosjef i NRK, Cathinka Rondan.
Tradisjonen med å ein dag berre spele norsk musikk har blitt gjennomført kvart år i minst 20 år. I 2001 hadde NRK P3 norskdag, og i 2003 vart også NRK P1 med på markeringa. Med digitaliseringa har NRK fått stadig fleire radiokanalar, og sidan 2013 har alle NRKs radiokanalar vore med på norskdagen.
NRK P1 skal spele minst 40 prosent norsk musikk og i 2020 var 55,9 prosent av musikken på NRK P1 norske artistar. NRK P3 skal også spele minst 40 prosent norsk, og her enda prosentdelen norsk på 57,8 prosent i fjor.
Slik blir Spellemann på NRK
Det blir meir norsk musikk på NRK på kvelden 16. april når 27 prestisjetunge Spellemannprisar skal delast ut på NRK1. Sendinga begynner kl. 19:55 og blir leia av Sandeep Singh og Silje Nordnes. Først blir sju prisar delt ut.
Prisutdelinga held deretter fram kl. 22:45-23:00 og 23:15-00:15 (før og etter Kveldsnytt). Tarjei Strøm leiar denne sendinga, og her vil heile 20 prisar bli delt ut.
I begge sendingane byr fleire av Noregs største artistar på musikkunderhaldning i ulike sjangrar. Desse artistane skal opptre:
- Sondre Lerche
- Annie
- SKAAR
- Valkyrien Allstars
- Stig Brenner, Marcus og Martinius, Larsiveli
- Hagle og EHI
- Andreas Ihlebæk
- Natnael
- Girl in red
- Emma Steinbakken og Aslag Haugen
- Det Norske Solistkor
Her kan du sjå kven som er nominert i dei forskjellige kategoriane: https://spellemann.no/nominerte/
Kontakter
Kontaktperson Spellemann: Kommunikasjonsansvarleg Linda Reistad: Linda.Reistad@nrk.no
Kontaktperson radio: Radiosjef Cathinka Rondan: cathinka.rondan@nrk.no
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noBilder


Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
NRK Leseklubbens sommergave til alle bokelskere23.6.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
I sommer kan du lytte til alle bøkene fra NRK Leseklubben, helt gratis!
NRK TV-aksjonen i 2026 til Flyktninghjelpen18.6.2025 17:01:00 CEST | Pressemelding
Stiftelsen Flyktninghjelpen er tildelt TV-aksjonen i NRK for 2026
Team Bachstad krysser det sørlige Afrika18.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Øystein Bache og Rune Gokstad drar på sin ellevte tur sammen. Denne gangen reiser Team Bachstad til Afrika.
Dette kan du sjå på NRK i sommar13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Kjendisar i konkurransemodus, fiskefeber, masse humor og moralske dilemma i jungelen. Her er NRKs sommarmeny.
Dette er deltakerne i NRKs nye sommersatsing13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Silje Nordnes står ved roret når 20 kjente personer skal konkurrere om hvem som mestrer sommeren best. Deltakernes personlighet blir også sentral i «20-stjerners sommerferie».
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom