Fleire bønder vel tre

Innovasjon Noreg premierer bønder som byggjer driftsbygningar med tre som klima- og miljøvennleg byggjemateriale. I 2020 fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for å vere klima- og miljøvennlege gjennom bruk av tre i bygga deira.
Som for andre næringar er det også mogleg for landbruket å få særskild støtte for å vere ekstra miljø- og klimavennleg. Ved jordbruksforhandlingane i 2019 blei det vedtatt å innføre ei ordning som premierer bruk av tre som byggjemateriale. Ordninga kjem i tillegg til det ordinære investeringstilskottet til driftsbygningar frå Innovasjon Noreg.
Oppløftande tal
– Dette er svært gledelege og oppløftande tal, og viser at dei bøndene som no satsar og investerer i landbruket tek klimautfordringane på alvor, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg.
– Vi har som mål at dei prosjekta vi støtter skal bli meir berekraftige og klima- og miljøvennlege. Her bidrar landbruket til dette målet, seier han.
Stornøgd byggherre og bonde
Erik Steine frå Heidal i Sel kommune er ein av bøndene som har valt å byggje ny driftsbygning i tre. Valet fall på massivtrelement frå Fjøssystemer, og ny driftsbygning for 50 ammekyr stod klar til innflytting i november 2020.
– Omsyn til bygningskultur i Heidal, klima- og miljø og ekstra støtte var avgjerande for val av byggjemateriale, seier Steine.
Sjølv i koronaåret har byggjeprosessen gått problemfritt. Frå tilsegn om støtte frå Innovasjon Noreg til fjøset stod klart tok det berre seks månader.
– Dyra verkar svært tilfredse og arbeidsdagen er betre og meir lystbetont. I nyttårshelga vart fødebingen innvia med tvillingfødsel, og kukalvane og mora kosa seg i den nye barselavdelinga i bygget, seier Erik Steine.
Husdyrbruk i distrikta er vinnarane
Ikkje overraskande er det i fylka med mest husdyrbruk og størst tilskottsramme det har vore størst interesse for ordninga. I 2020 var det klart flest i Innlandet, med 34 prosjekt og 10,1 millionar kroner i ekstra tilskott. Deretter følgjer Trøndelag med 21 prosjekt og 5,6 millionar kroner i ekstra tilskott og Vestland med 20 prosjekt og 5 millionar kroner. Det er flest prosjekt innan mjølkeproduksjon med 63 bygg, deretter følger ammekuproduksjon med 37 prosjekt, medan det er 12 prosjekt knytta til sauehald og korntørking. For ammeku er delen som oppfyller kravet til ekstra tretilskott heile 44 prosent, medan det for mjølkeproduksjon og sauehald er rundt 35 prosent.
– Viktig for truverdet
Ordning med ekstra investeringstilskott til bygg som bruker tre som miljø- og klimavennlege byggjemateriale gjeld i første omgang til og med 2022. Ordninga kan gje inntil 400 000 kroner i ekstra investeringstilskott.
– At fjøs og driftsbygningar blir bygd i tre burde være heilt opplagt, men det har ikkje vore slik på mange tiår. Tre er eit utmerka byggemateriale som gir godt klima både ute og inne. Bruk av tre i eigne bygg er viktig for truverdet vårt når vi sjølv fremjar tre som framtidas byggemateriale, seier administrerande direktør i Norges Skogeierforbund, Per Skorge. Han seier seg svært nøgd med at ordninga med ekstra investeringstilskot no får fleire til å velje tre som byggjemateriale.
----------
For meir informasjon, kontakt:
Innovasjon Noreg: Kjell Bruvoll, spesialrådgjevar landbruk,
tlf: 958 58 629, e-post: kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no
Norges Skogeierforbund: Per Skorge, administrerende direktør,
tlf: 975 24 938, e-post: per.skorge@skog.no
----------
TEKST TIL FOTO:
FOTO 1:
Satsa på ny driftsbygning i tre: – Omsyn til bygningskultur i Heidal, klima- og miljø og ekstra støtte var avgjerande for valet av tre som byggjemateriale, seier bonde Erik Steine i Heidal i Sel. (Foto:Gardsbygg)
FOTO 2:
Tre som byggemateriale gir godt klima både ute og inne. – Dyra verkar svært tilfredse og arbeidsdagen er betre og meir lystbetont, fortel bonde Erik Steine i Heidal i Sel. (Foto: Erik Steine)
FOTO 3:
I 2020 auka talet på bønder som satsa på miljø- og klimavennlege driftsbygningar med tre som byggjemateriale. – Bruk av tre i eigne bygg er viktig for truverdet vårt når vi sjølv fremjar tre som framtidas byggemateriale, seier administrerande direktør i Norges Skogeierforbund, Per Skorge. (Foto: Erik Steine)
FOTO 4:
I fjor fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for å bruk3 av tre i bygga deira. – Det viser at dei bøndene som no satsar og investerer i landbruket tek klimautfordringane på alvor, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg. (Foto: Erik Steine)
Nøkkelord
Kontakter
Bernt EllingsenSpesialrådgiver kommunikasjon
Tel:905 77 277beell@innovasjonnorge.noBilder




Om Innovasjon Norge
Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Rekordmange milliardar til innovasjon i 202414.4.2025 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Noreg sitt bidrag til næringslivet auka med 40 prosent i 2024. Samstundes auka dei private investeringane som matcha bidraget frå Innovasjon Noreg.
Vianode får lån på 400 millioner fra Innovasjon Norge14.4.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge har gitt tilsagn om lån på 400 millioner kroner til Vianode. Pengene vil bli investert i Norge, for å styrke selskapets forsknings- og utviklingskapasitet og plattform for etablering av regionale verdikjeder for batterier med høy ytelse og lave utslipp. Vianode utvikler og produserer grafitt til anoder og har kontrakt med en av verdens største bilprodusenter.
Milliondryss over rekordmange studentprosjekter11.4.2025 13:40:24 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge opplever større pågang på ordningen for støtte til bedrifter etablert av nyutdannede ved høyskolene og universitetene, enn noen gang tidligere. I alt får 32 prosjekter inntil en million kroner hver i tilskudd.
Verdensutstillingen i Japan åpner11.4.2025 09:46:10 CEST | Pressemelding
Expo Osaka åpner søndag 13. april. Norge deltar i fellesnordisk paviljong, som viser nordiske verdier og innovasjoner. Paviljongen serverer også nordisk mat med spennende japansk vri.
I Bodø selges Norge til verden – neste år står Lofoten for tur2.4.2025 13:13:20 CEST | Pressemelding
Denne uken pågår Norwegian Travel Workshop (NTW) 2025 i Bodø. Her møtes nesten 800 personer fra 36 ulike land for å selge og kjøpe Norge som reisemål.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom