Nye Yr-sider tysdag

Den mest iaugefallande endringa på yr.no er det nye og luftige designet, som er tilpassa alle skjermstorleikar. Vel så viktig er det nye innhaldet.
“Været nå” viser temperatur, skydekke, vind og nedbør for staden du har søkt på. Skydekkesymbolet blir oppdatert kvart femtande minutt ved hjelp av nettkamera. Nedbørgrafen for dei neste nitti minutta er nyttig for korttidsplanlegging av uteaktivitetar og blir oppdatert kvart femte minutt basert på observasjonar frå radar. Radarobservasjonar ser du også på sida “Kart”. Nytt er også sida “Kyst” og der finn du kystvarsel og nyttig informasjon om tidevatn.
Sida “I nærheten” gir oversikt over vêret på dei næraste målestasjonane rundt deg, noko som kan hjelpe deg til å vurdere vêrsituasjonen om du skal på tur i eit større område. Tilleggsinformasjon om luftkvalitet, pollen, UV-varsel og badetemperaturar for den staden du har søkt opp er nytt.
Vêret på fjellovergangar har fått ei vesentleg oppgradering, med trafikkmeldingar og vegkamera frå Statens Vegvesen, for dei som planlegg køyretur. I tillegg får du ei ny oversikt over pågåande farevarsel.
Klimastatistikk er tilgjengeleg på sida “Historikk”. Der får du oversikt over temperatur og nedbør frå siste 13 månadar, siste 30 dagar, siste 24 timar, eller du kan søke på ein bestemt dato.
– Yr er for alle
– Yr skal vere for alle, og då meiner vi alle, seier leiar for Yr-teamet i NRK, Anette Svee Wilberg. Ho viser til at dei nye nettsidene også fungerer for til dømes blinde og svaksynte som treng spesialutstyr for å lese nettsider. Dei nye nettsidene lastar også betre når det er dårleg datadekning, og dei fungerer på alle slags skjermar. – Når vi no har Yr på éi nettløysing, kan vi disponere ressursane våre betre og få meir fart i utviklinga av Yr, seier Svee Wilberg.
Leiar for Yr-teamet på Meteorologisk institutt, Anders Sivle, legg til at dette er starten på noko nytt. – Fleire tenester vil kome til dei nye nettsidene etter kvart, mellom anna ei god løysing for å vise kor sikre varsla er, seier Sivle.
Dei nye nettsidene har vore tilgjengelege i mobilversjon sidan 2016 og har stått for meir enn tjue prosent av nettsidebruken til Yr. No erstattar dei også pc-versjonen. Dei gamle Yr-sidene vil vere tilgjengelege fram til sommaren på adressa retro.yr.no.
Yr er eit samarbeid mellom NRK og Meteorologisk institutt og vart etablert i 2007. Vêrtenesta er tilgjengeleg på både mobilappar og nettsider og har opp til 11 millionar brukarar kvar veke. Rundt halvparten av bruken er i utlandet.
Kontakter
Teamleiar Yr i NRK:
Anette Svee Wilberg
Telefon: 402 12 613
Teamleiar Yr på Meteorologisk institutt:
Anders Doksæter Sivle
Telefon: 992 27 044
Bilder



Om Meteorologisk institutt
Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Varmeste våren noensinne på Østlandet og i Agder3.6.2025 14:51:11 CEST | Pressemelding
I store deler av Sør-Norge og sørlige deler av Nordland var vårsesongen ekstremt varm. I nord var våren ekstremt våt enkelte steder.
Trønderne fikk en våt og litt kjølig mai2.6.2025 16:00:45 CEST | Pressemelding
Flere stasjoner i Trøndelag satte rekord både for høy døgnnedbør og for mengden nedbør totalt i mai måned. I deler av Østlandet og Indre Troms var det helt motsatt.
Snømangel setter fart på oppvarmingen: – Hele klimasystemet påvirkes2.6.2025 09:49:41 CEST | Pressemelding
De siste tiårene har vi hatt en global reduksjon i snødekke på størrelse med Australia. Det har ikke bare konsekvenser for skientusiaster, men kan gi høyere temperaturer og mer tørke senere på året.
Ny rapport: Endringene i Arktis kan påvirke været lenger sør12.5.2025 17:00:00 CEST | Pressemelding
Klimaendringene i Arktis skjer tre ganger raskere enn det globale gjennomsnittet. En ny rapport beskriver kunnskapen om hvordan oppvarmingen kan gi ustabilt vær i tett befolkede områder i Skandinavia, Øst-Asia og Nord-Amerika.
Varmeste april noen gang for seks fylker i Sør-Norge2.5.2025 14:26:43 CEST | Pressemelding
Vi legger nok en måned med store kontraster i Norge bak oss. I sør var det varmt og vårlig. I nord var måneden kald og våt, og Finnmark fikk den våteste april som noen gang er registrert.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom