Støtte til klart språk i Vestland

– Skal vi lukkast med digitaliseringa av Noreg, må vi satse på klart språk, seier Bjørn Arild Gram, styreleiar i KS. Støtta skal blant anna gå til skrivekurs, brukartesting og forbetring av brev, skjema og nettekstar.
Klart språk og digitalisering
Fleire av kommunane skal også jobbe med klart språk knytt til digitalisering av tenestene.
– Vi må sikre klart språk i alle tekstar som inngår i brukarreisa – korleis heng dei nye, digitale løysingane saman med vedtak, brev og rettleiarar som brukaren må forholde seg til for å løyse oppgåva? Dersom du møter ordet «garasje» i eit digitalt byggesøknadsskjema, er det ikkje gitt at du forstår at «det omsøkte tiltaket» tyder «garasje» i svaret frå sakshandsamaren, seier Gram. Han er oppteken av at språket må vere klart, både i den digitale tenesta og i alle svara som følgjer.
Ein av tre slit med å forstå
Tidlegare i år oppmoda KS innbyggjarane til å fortelje om tekstar frå det offentlege som dei ikkje forstår. Kampanjen på Facebook vekte mykje engasjement. Mange uttrykte frustrasjon, ein skreiv «Det er skambelagt å ikke forstå ‘byråkratsk’».
– Då har noko gått gale. Ingen skal føle skam i møte med norske innbyggjartenester, seier Gram.
I innbyggjarundersøkinga frå 2019 (Digitaliseringsdirektoratet) kjem det fram at det framleis er ein av tre som slit med å forstå offentleg informasjon. Gram meiner at det offentlege må ta ansvaret for at innbyggjarane skjønar kva for mulegheiter, rettar og plikter dei har.
– Å forstå og bli forstått er ein føresetnad for å kunne delta i demokratiet, avsluttar Gram.
Program for klart språk
KS har fått støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sidan 2014 til program for klart språk. Programmet blir avslutta i år, men KS ønskjer å halde fram arbeidet. 1,1 av dei 2,5 millionane KS fekk i støtte frå departementet i år blei delte ut til kommunane sitt eige språkarbeid. I juryen for støtteordninga sit representantar frå kommunesektoren og Språkrådet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere KS-programmet klart språk i kommunesektoren.
Filmar der innbyggjarane blei bedne om å seie frå om tekstar dei ikkje forstår:
https://www.facebook.com/KSKommunesektoren/videos/151689039608788/
https://www.facebook.com/KSKommunesektoren/videos/109147410519896/
https://www.facebook.com/KSKommunesektoren/videos/639755000132608/
Bilder

Lenker
Om KS
Følg pressemeldinger fra KS
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra KS
Delvis løsning i KS-forhandlingene30.4.2025 21:00:13 CEST | Pressemelding
KS ble onsdag kveld enige med Unio og Akademikerne om en løsning i tariffoppgjøret i kommunesektoren, mens LO og YS brøt forhandlingene.
– Tariffoppgjøret må ta hensyn til tøff kommuneøkonomi24.4.2025 12:09:05 CEST | Pressemelding
– Kommuneøkonomien er i sin mest krevende periode på mange år. Det vil åpenbart prege årets tariffoppgjør. Samtidig må forhandlingene ta høyde for kommunesektorens rekrutteringsutfordringer, sier KS’ forhandlingsleder Tor Arne Gangsø.
Positive klimasteg fra regjeringen – men flere virkemidler må på plass11.4.2025 07:05:55 CEST | Pressemelding
Regjeringen lover mer klimahjelp til kommunene. - Men det må følge penger og kraftig opptrapping med på løftene, ellers vil ikke kommunene klare jobben med å kutte utslipp i tide, sier styreleder i KS.
Nordmenn vil ta ansvar for egen alderdom1.4.2025 09:35:02 CEST | Pressemelding
Et flertall er villige til å ta ansvar for sin egen og sine pårørendes velferd når vi blir eldre. Det viser ny undersøkelse KS har fått gjennomført.
Lokalpolitikere utfordrer rikspolitikerne i valgkampen7.3.2025 11:05:04 CET | Pressemelding
– Ordførere og lokalpolitikere i Vestfold utfordrer alle partier og stortingskandidater i valgkampen: Gi kommunesektoren handlingsrom slik at vi kan fortsette å gi innbyggerne gode tjenester, sier KS’ fylkesstyreleder Gina Merethe Johnsen i KS Vestfold.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom