Stjernestøv - ny julekalender på NRK

I NRK sin heilt nye julekalender, Stjernestøv, møter vi Jo (spelt av Edvard) som flytter til ein ny stad etter at foreldra hans skil seg. Jo misliker alt det nye og vil berre at alt skal vere som før.
Far til Jo, Steinar (spelt av Morten Svartveit), er astronom, og saman ser dei to ofte på stjernehimmelen. Pappa seier at når dei saknar kvarandre, kan dei begge sjå på Nordstjerna, for det er kompasset til alle stjerner. Når alt går gale på den nye staden, finn Jo Nordstjerna, men så skjer det utrulege: den sløkkjer!
Den mystiske jenta på loftet
Like etterpå oppdagar Jo at det bur ei jente med magiske krefter på loftet.
Jenta heiter Elly (spelt av Camilla) og kjem frå stjernefolket i Nord. Ho kan ikkje komme seg heim før Nordstjerna lyser igjen, og ho treng hjelp av Jo.
Saman med Elly skjer dei mest utrulege tinga, og då det òg viser seg at det er nokon som er ute etter henne, blir det ein heilt spesiell og spennande desember.
All musikken i serien er komponert av Gaute Tønder. Aurora framfører sjølve kjenningsmelodien, «Stjernestøv»:
– Eg synest Stjernestøv var så fint eit namn. Det var veldig magisk og klikka veldig bra i hovudet mitt med ein gong. Eg er veldig takksam for å vere med, seier Aurora.
Kven er kven i «Stjernestøv»
Camilla San Miguel Bjørneng speler Elly
Elly kjem frå stjernefolket som held til i Nord, ein stad som ligg så langt nord det er mogleg å komme, rett under Nordstjerna. Det er ho som er stjernebarnet og den som gjev kraft og ljos til Nordstjerna. Elly kan manipulere snø og is og skape snøstorm. Ho kjenner ikkje kulde og går gjerne barbeint midt på vinteren.
Elly har eit svært velutvikla konkurranseinstinkt og elskar å vere best, først og sterkast. Ho går ikkje av vegen for å jukse for å vinne. Ho er morosam, oppfinnsam, og full av energi, men er òg vand til å få det som ho vil og er ikkje så god på å sjå andre eller ta omsyn til deira behov.
Edvard Ross speler Jo
Jo er lidenskapeleg oppteken av stjernene og universet, ei interesse han delar med far sin som er astronom. Dei to elskar å studere stjernehimmelen saman.
Jo elskar òg hockey. Han er kaptein på laget sitt og drøymer om å bli best i verda. No skal foreldra skiljast, og han skal flytte med mor si og søskena til ein ny stad. Jo gruer seg. Når ting blir vanskeleg, rømmer han unna. Han er kjenslevar, men liker ikkje å snakke om det han føler på. I staden for å gå inn i problema skuvar han alle frå seg og blir tøff og hard.
Men i møtet med Elly og eventyret blir han trygg nok til å opne opp for at denne nye staden verkeleg er heimen hans.
Morten Svartveit speler Steinar
Steinar er far til Jo. Han er astronom og elskar jobben sin så mykje at han ofte gløymer familien og barna sine.
Når barna og Kjersti flyttar ut, kjenner Steinar seg einsam og løysinga blir å drukne seg i jobb. Steinar og Jo glir meir og meir frå kvarandre, og Steinar forstår at i staden for rømme vekk og prøve å skjule korleis han har det, må han vere der for Jo.
Ester Grenersen speler Kjersti
Kjersti er mor til Jo. Ho jobbar som fysioterapeut på ein sjukeheim og trivst i jobben sin. Ho er god i hockey og deler den interessa med Jo.
Kjersti er full av dårleg samvit for skilsmissa og leitar etter teikn på at det går bra med barna etter flyttinga. Kjersti synest det er vanskeleg at Jo ikkje snakkar med henne slik han gjorde før. Etter kvart forstår ho at ho ikkje treng å prøve så hardt og at Jo treng tid til å tilpasse seg det nye.
India Dee Kvangarsnes speler Aliyah
Då Jo og familien flytter inn i blokka, er Aliyah både venleg og nysgjerrig på Jo. Ho bur i lag med mora Halima, faren Omar og to småsysken. Aliyah er direkte og seier alltid det ho meiner.
Ho kan fort bli utålmodig og irritert, noko som går utover venen Leon. Dei to har kjent kvarandre heile livet, og Aliyah er glad i Leon som ein bror. Dei spionerar på Elly og Jo og finn etter kvart ut at Elly har magiske evner.
Ingrid Bolsø Berdal speler Silja
Silja er mora til Elly. Ho er leiken, sterk og morosam. Ho har eit like sterkt konkurranseinnstinkt som dottera og har meir forståing for Elly sitt ville vesen enn far hennar har.
Caleb Kebreab speler Leon
Leon bur i lag med mor si Sarah. Han har budd i blokka heile livet og har kjent Aliyah like lenge. Han er morosam og sosial og går i samme klasse som Jo og Aliyah.
Når han får vite om løyndommen om Elly, blir Leon satt på prøve og er nær ved å avsløre Elly flere gonger - for dei må skjule henne og ingen vaksne må få vite kor ho kjem frå.
Trond Fausa Aurvåg speler Varg
Varg bur åleine i Nord og er ikkje ein særleg sosial type. Han er svært lojal og ærleg, men òg lite empatisk. Han forstår ikkje ironi og tolkar det meste heilt bokstaveleg. Dei fleste er einige om at Varg er ein ganske skummel fyr.
Torbjørn Eriksen speler Ein
Ein er far til Elly. Han var Stjernebarnet fram til Elly vart fødd og er ein naturleg leiar for det vesle samfunnet i Nord der familien til Elly bur. Han er varm og raus, men òg tøff. Han elskar Elly og føler eit stort ansvar for at ho skal bli eit verdig stjernebarn. Derfor blir han frustrert og fortvila når Elly ikkje tek oppgåva til stjernefolket på alvor.
Påmeldingsrekord
«Stjernestøv» er NRK sin første eigenproduserte julekalender sidan «Snøfall» i 2016.
Produsent Hege Waagbø hadde ein stor jobb føre utveljinga av dei medverkande:
– Vi hadde ein heilt enorm jobb med over 14000 påmeldte barn! Ny rekord! Vi traff over 3000 barn og enda opp med ein cast som vi veit vil gå rett heim hos alle, fortel Waagbø, og held fram:
– Edvard og Camilla har imponert oss med profesjonalitet og pågangsmot. Dei har verkeleg jobba hardt og spelar med ein slik energi, varme og utstråling som treff mange. I tillegg er dei og dei andre i casten fantastiske barn, som vi i teamet har vorte veldig knytta til.
Medan vi ventar: Oversikt over julekalendrar på NRK sidan 1990
Inga tidlegare skodespelarerfaring
Edvard er 13 år og går første året på Hundsund ungdomsskole i Bærum. Han har inga tidlegare erfaring som skodespelar og fortel at han under innspelinga av «Stjernestøv» har lært mykje om yrket og alt som skjer bak kamera.
Edvard har følgjande råd til barn som har det som Jo i jula:
– Snakk med nokon du stoler på og er glad i. Det er det beste, for dei kan alltid hjelpe. Det blir ei spesiell jul for mange i år og ein kan ikkje vere saman med like mange, så då kan ein jo sitje heime og sjå på «Stjernestøv», seier han.
Camilla San Miguel Bjørneng er 11 år og elev ved Grindbakken skole i Oslo. Ho har heller inga tidlegare erfaring som skodespelar. På spørsmål om kva dei beste minna hennar frå innspelinga var, svarer ho:
– Det var då eg brukte krefter i Nord og gjekk inn i husa våre, nemleg igloar som var lagde av snø, fortel Camilla. Ho fortel òg at ho har nokon likskapstrekk med rollefiguren:
– Eg er kanskje litt lik Elly, for eg kan ofte vere veldig gira og glad med masse energi. Og så er eg er veldig glad i dyr, avsluttar ho.
Om Stjernestøv
- NRK sin offisielle julekalender 2020
- Produsert av NRK Super
-
Premiere i strøymetenesten NRK TV og på NRK1 1. desember
-
24 episoder à ca 20 minutt
-
Medverkande: Edvard Ross, Camilla San Miguel Bjørneng, Ester Grenersen, India Dee Kvangarsnes, Ingrid Bolsø Berdal, Trond Fausa Aurvåg, Morten Svartveit, Anne Marit Jacobsen, Caleb Kebreab, Jakob Larsen Fort, m. fl.
- Serieskaperar: Karianne Lund og Ida Sagmo Tvedte
- Manusforfattarar: Karianne Lund, Ida Sagmo Tvedte, Alexander Kirkwood Brown og Ragnhild Tronvoll
- Produsent: Hege Waagbø
- Konseptuerande regi: Ida Sagmo Tvedte
- Komponist: Gaute Tønder
Nøkkelord
Kontakter
Heidi GjestadKommunikasjonsansvarleg
Tel:+47 906 06 483heidi@nrk.noBilder
















Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Tidenes første podkast på kvensk25.4.2025 11:01:10 CEST | Pressemelding
I morgen kommer NRK for første gang med en podkast på kvensk – «Kaffipraatti». Den gir et unikt innblikk i kvensk språk, kultur og historie.
Det kommer ny sesong av «Team Pølsa»24.4.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Med et snitt på over 1,2 millioner seere har «Team Pølsa» rørt store deler av den norske befolkningen. Nå er det bekreftet at det kommer en ny sesong med nye deltakere.
Semifinale i Stjernekamp med opera og hiphop23.4.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
To klassiske og krevende Stjernekamp-sjangre står for tur på lørdag. Nå skal det avgjøres hvem som går videre til den store finalen.
Hævvi er tilbake med ny sesong22.4.2025 06:59:00 CEST | Pressemelding
I den nye sesongen av podkasten Hævvi inviterer de frittalende programlederne Nelly og Jonna med seg sørsamiske gjester i studio.
Påskefest i Stjernekamp med afterski og salmer16.4.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Artistene skal få levere både fest og frelse i Stjernekamp på selveste påskeaften. Gjestedommere er Carina Dahl og Trygve Skaug.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom