Historisk samling av skatt og avgift i éin etat
- Fram til no har skatte-Noreg vore delt mellom stat og kommune. No samlar vi oppgåvene og kompetansen ein stad, i éin etat. Vi får utnytte kompetansen på tvers når vi no får overført over 1000 dyktige personar frå kommunane. Eg er trygg på at vi saman skal løyse oppgåvene på ein god måte framover, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark
Frå 1. november overtek Skatteetaten ansvaret for innkrevjing av skatt, føring av skatterekneskap og kontroll av arbeidsgivarar. Endringa legg til rette for samla kontrollar av næringslivet. I tillegg vil ei samling av innkrevjinga opne for effektiviseringar på området og auke likebehandlinga.
All rettleiing på ein stad
Fram til no har både Skatteetaten og kommunane motteke tusentals av spørsmål i året som skulle ha vore retta til den andre parten. Dermed har det blitt brukt unødvendig tid for den som tek kontakt, kommunen og Skatteetaten.
- No treng du ikkje lenger vurdere om du skal kontakte kommunen eller Skatteetaten når du har spørsmål om skatt. No får du all skatterettleiing på ein stad – skatteetaten.no. Og viss du har behov for å kontakte oss, kan du sende inn søknadar og spørsmål inn via nettsidene, chatte med oss eller ringe 800 80 000, seier Schancke Funnemark.
Skatteetaten har kontorstad 57 stadar i landet. Ein må bestille time for rettleiing på eit kontor, men på grunn av koronasituasjonen er det no berre mogleg å bestille time til tenester som krev personleg oppmøte: Søkje skattekort for første gong (utanlandske statsborgarar), melde flytting til Norge, få utført ID-kontroll, gjennomføre DNA-test eller bekrefte farskap.
Kjempe mot den svarte økonomien
Ei av dei sentrale oppgåvene til skatteoppkrevjarane har vore å kontrollere at arbeidsgivarar etterlever skattereglane. Skatteoppkrevjarane har samarbeidd tett med mellom anna Arbeidstilsynet, Skatteetaten og Politiet for å kjempe mot arbeidslivskriminalitet.
- Skatteetaten har ei nasjonal organisering med store divisjonar som har ansvar for landsdekkande oppgåver. Det gjer at vi kan sjå samanhengar på tvers av kommunegrensene og setje inn ressursane der dei trengst mest, seier Schanke Funnemark.
Godt samarbeid med kommunane
Overføringa er planlagt og gjennomført som eit samarbeid mellom Skatteetaten, kommunane og KS.
- Det er lagt ned eit stort arbeid i å kartleggje kompetansen i kommunane. Til dømes har det vore mange nyansar i korleis kommunane har løyst oppgåvene, og vi har saman funne ut korleis oppgåvene skal løysast framover. Vi har også klart å digitalisere fleire oppgåver undervegs, seier skattedirektør Schanke Funnemark.
På grunn av smittevern jobbar mange i Skatteetaten no på heimekontor.
- Skatteetaten tek omsyn til nasjonale og lokale anbefalingar. Den første perioden etter overføringa vil derfor nokon arbeide på heimekontor og nokon vere på kontor ulike stadar i landet. Vi skal ha eit omfattande introduksjonsløp for alle som kjem frå kommunane til oss, men det blir nok meir digitalisert enn vi opprinneleg hadde planlagt. Vi tek uansett imot dei nye medarbeidarane våre med opne armar, og vi håpar dei får ein god start i Skatteetaten, seier Schanke Funnemark.
Nøkkelord
Kontakter
Merete Bergeland JebsenPressesjef
Tel:945 01 000presse@skatteetaten.noOm Skatteetaten
I Skatteetaten jobber vel 7000 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.
Følg pressemeldinger fra Skatteetaten
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Skatteetaten
Klarspråkprisen til Skatteetaten6.5.2025 15:50:55 CEST | Pressemelding
Skatteetatens arbeid med klarspråk er viktig for både demokratiet og velferdsstaten, sier juryen om vinneren av klarspråkprisen 2024.
I dag går leveringsfristen ut: Dette skjer om du ikke leverer skattemeldingen30.4.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
Ved midnatt onsdag 30. april går fristen ut for å levere skattemeldingen. Skattedirektør Nina Schanke Funnemark gir deg svaret på de vanligste spørsmålene som blir stilt til Skatteetaten.
Under en uke til leveringsfristen går ut: Hvis du ikke har sjekket skattemeldingen, begynner du å få dårlig tid24.4.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Tall fra Skatteetaten viser at knappe 2,7 millioner har levert skattemeldingen og 1,3 millioner har fått skatteoppgjøret sitt. – Hvis du ikke har åpnet og sjekket skattemeldingen din, oppfordrer jeg deg på det sterkeste til å gjøre dette så snart som mulig, sier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Storkontroll av transportbransjen på Østlandet11.4.2025 14:35:29 CEST | Pressemelding
En tverretatlig kontroll i transportbransjen gjennomført av Skatteetaten, Statens vegvesen og politiet avdekket en rekke lovbrudd. Indikasjoner på skatteunndragelse, bruksforbud, førerkortbeslag og bøter var blant resultatene.
Alle skattemeldingene sendt ut – 1,1 millioner har allerede fått skatteoppgjøret sitt9.4.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Skatteetaten har nå sendt ut alle skattemeldingene for inntektsåret 2024. 2,2 millioner har allerede levert skattemeldingen sin og 1,1 millioner har fått skatteoppgjøret sitt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom