NVE har sikra Årsetelva etter flaumen i 2019
NVE har støtta Sunnfjord kommune i å bygge sikringsanlegg i Årsetelva. Overleveringa vart markert med ei felles synfaring.
- Flaumen i juli i fjor var alvorleg og skremmande, og fekk tragisk utgang. No er over 60 bustader og fleire næringsbygg her i Vassenden sikra for framtida mot denne typen hendingar. Det betyr ein tryggare kvardag for folk som bur og arbeider her, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.
Krisetiltak etter juliflaumen i Jølster
Voldsomme, lokale regnbyger på ettermiddagen 30. juli 2019 førte til jordskred, lokale oversvømmingar, store skader, stengte vegar og evakueringar på Vestlandet. Ved Vassenden i Jølster ble det registrert 33 mm nedbør/time.
- Kommunane Jølster og Førde vart hardast ramma, og ein mann omkom da ein bil ble tatt av ras. Det vart registrert 30 skred mot veg og busetnad, seier Siss-May Edvardsen, fungerande regionsjef i NVE.
- Utan sikringstiltaka som allereie var bygd i området, meiner vi at skadeomfanget hadde vore enda større, seier Edvardsen.
NVE hadde maskiner i området dagen etter. Dei første tiltaka handla om skadebegrensing, å opne vassvegar og få elvar attende til opphavleg elveløp. Dag 2 var det eit oppstartsmøte for å planlegge krisetiltak for å sikre bygningar og infrastruktur. Bygging blei gjort parallelt med prosjekteringa. 20.09.2019 vart det heldt eit folkemøte for å presentere planar og framdrift.
Ei rekke tiltak i Årsetelva
Dei ferdige sikringsanlegga i Årsetelva består av ei rekke ulike tiltak - reparasjon av eksisterande ledevollar, grøftar og elveløp, og bygging av nye ledevollar, nye elveløp og ny bru. Det er utført arbeid i meir enn 1 km elvestrekning etter flaumen. Tiltaka sikrar 64 bustader, 4 næringsbygg, ein pleieheim og offentlege og private veger.
NVE har nasjonalt ansvar for flaum- og skredfare
NVE har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredfare. NVE støtter kommunane med kartlegging, sikring og arealplanlegging.
- Det er ein sentral del av NVE sitt samfunnsoppdrag å bidra til å redusere risiko mot flaum og skred. Vi må rekne med at når klimaet endrar seg vil vi få fleire skred og flaumar utløyst av styrtregn i landet vårt. Det aller viktigaste forebyggande tiltaket er god arealplanlegging, som hindrar utbygging i områder med for stor fare. Vi bør også bruke større ressursar på sikringstiltaka. Men noko flaum- og skredskade må vi fortsatt leve med, seier Lund.
Fakta Årsetelva
- Tidsrom utføring: juli 2019 – juni 2020
- Kostnader: 10,5 mill. kr (17,3 mill. totalt etter 2019-flaumen i Sunnfjord og Gloppen)
- Maskintimar: 3100 timar
- Stein til plastring og filtermasse: 16 000 tonn
- Entreprenør: NVE Anlegg
Underleverandørar
- Røyseth Maskin AS – gravemaskin og plastring
- Jostein Sunde AS – transport, masse og stein til plastring
- Ivar A Sunde AS – betong, gjerde, totalentreprise bru
- Nordfjord Skifer AS – levering av murstein
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Dronevideo av sikringstiltakeneVideokanal
Kontakter
Kontaktpersonar
Fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen
tlf. 952 90 114
Senioringeniør Anders Muldsvor
tlf. 952 90 111
Bilder
Lenker
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE godkjenner støyundersøkelser ved Tysvær vindkraftverk17.6.2025 10:37:38 CEST | Pressemelding
Tysvær Vindpark AS har søkt om midlertidig fritak fra tiltaksplan for støy for å utføre ulike tester. Målet er å finne årsaken til støyproblemer ved anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nå godkjent denne søknaden, men med flere vilkår for gjennomføringen av testingen.
NVE gir løyve til å bygge vasskraftverk i Sunnfjord13.6.2025 14:38:53 CEST | Pressemelding
Bergselva Bygstad kraft AS har fått konsesjon til å bygge Bergselva kraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på 6,2 GWh, som svarar til straumforbruket til om lag 310 husstandar. NVE har stilt vilkår for å redusere dei negative konsekvensane for friluftslivet og naturmangfaldet i området.
NVE vurderer at Nye Tussa kraftverk ikkje krev ny konsesjon13.6.2025 14:00:00 CEST | Pressemelding
Tussa Energi AS har bedt NVE om å vurdere konsesjonsplikt for å bygge Nye Tussa kraftverk. NVE meiner tiltaket ikkje vil føre til nye ulemper eller skader for allmenne interesser av eit slikt omfang at tiltaket krev ny konsesjon.
NVE anbefaler nye vilkår for reguleringa av Storevatn i Sykkylven kommune13.6.2025 12:01:00 CEST | Pressemelding
For å sikre sjøauren og legge forhalda til rette for å restaurere laksebestanden i vassdraget, tilrår NVE vilkår for å sikre minstevassføring i vassdraget. Dei nye krava vil ikkje påverke kraftproduksjonen, men kan endre tidspunktet for produksjonen noko.
NVE sikrer Norge mot naturfarer - se kart, bilder og tiltak fra hele landet10.6.2025 09:50:36 CEST | Pressemelding
Hvordan beskytter vi i NVE norske lokalsamfunn mot flom, skred og andre naturfarer? Nå kan du selv utforske hva som er gjort av sikringstiltak i 2024 – fra Svalbard i nord til Vennesla i sør.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom