Løyve til ny kraftleidning frå Ølen til Bratthammar

Ny kraftleidning erstattar to gamle leidningar
Haugaland Kraft Nett har fått løyve til å bygge ein ny 66(132) kV kraftleidning med dobbeltkurs frå Ølen transformatorstasjon via Våg transformatorstasjon til Bratthammar. Dei eksisterande 66 kV leidningane på same strekning skal fjernast. Nye leidningar skal hovudsakeleg etablerast parallelt eller i same trasé som dei gamle leidninga, med unntak av delstrekninga Austreim–Vestrå i Vindafjord. Her skal leidninga byggast i ny trasé utanom tettstadane Skjold og Isvik.
Oppgradering og auka kapasitet
Grunngjevinga for vedtaket er at dagens 66 kV leidningar på strekninga Ølen–Våg–Bratthammar er gamle og i dårleg teknisk forfatning. Det er vidare behov for auka overføringskapasitet på strekninga grunna tilkopling av ny kraftproduksjon i området. Leidninga vil òg forbetre forsyningssikkerheita generelt i forsyningsområdet. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.
Gjenbruk av trasé gjennom utvald naturtype
På strekninga Våg–Bratthammar vil den nye leidninga gå gjennom naturtypeområda Krosshaug–Såt–Krokavassnuten (BN00082285) og Valhest–Kiggjafjellet (BN00082287) med kystlynghei klassifisert som «svært viktig» (A-lokalitet). Dette er ein utvald naturtype i medhald av naturmangfoldlova kapittel VI og forskrift om utvalde naturtypar etter naturmangfoldlova § 3.
Etter NVEs vurdering vil den nye leidninga ikkje ha vesentlege negative konsekvensar for naturtypen då leidninga på denne strekninga erstattar to eksisterande 66 kV leidningar og hogst ikkje er nødvendig. NVE meiner omsynet til naturtypen kan ivaretakast med god planlegging av anleggsarbeider og plassering av mastepunkter
NVEs vedtak er tilgjengeleg på sakens nettside og via NVE sine nettsider www.nve.no/kraftledninger. Eventuelle spørsmål kan rettast til sakshandsamar Lars Hagvaag Seim, tlf. 22 95 98 74 eller seksjonssjef Lisa Vedeld Hammer, tlf. 22 95 90 33.
Kontakter
Seksjonssjef Lisa Vedeld Hammer,
tlf. 22 95 90 33.
Sakshandsamar Lars Hagvaag Seim,
tlf. 22 95 98 74
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
