Elleve nye aviser har søkt om mediestøtte

Produksjonstilskottet er den største mediestøtteordninga, og i år har i alt 161 aviser søkt om støtte. Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
I 2020 skal totalt 358 millionar kroner fordelast mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene). Av dei 150 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest støtte, følgd av Bergensavisen, Vårt Land og Dagsavisen.
Dagbladet Pluss og Nett.no søker igjen
Av dei 161 avisene som har søkt om støtte, er det elleve aviser som ikkje får støtte i dag. Dagbladet Pluss og Nett.no, som fekk avslag på søknaden om støtte i fjor, har begge søkt på nytt. Dei to publikasjonane klaga på vedtaket i Medietilsynet, og klagene er for tida til behandling i Medieklagenemnda. Blant dei nye søkarane er det elles både digitale, lokale aviser og nisjepublikasjonar, som Computerworld og Medier24.
For å kunne få produksjonstilskot må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.
Kven som får støtte, blir avklart til hausten
– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkar grundig opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Velsand.
Dersom Medietilsynet vurderer at søkaren fyller krava elles, blir det gjort ein innhaldsanalyse for å undersøke om krava til innhald er oppfylte. Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene, og når Kulturdepartementet har fastsett tilskottsbeløp og tilskottssatsar.
Her er dei nye søkarane
Søkar |
Nedslagsfelt og eigar |
Computerworld |
Blad som skriv om den norske it-sektoren, på nett og papir. Eigd av dei tilsette. |
Porten.no |
Digital regionavis for Indre og Ytre Sogn. Eigd av det lokale breibands- og kabel-tv-selskapet Årdalsnett AS. |
Nett.no |
Nettavis som dekker nærings- og samfunnslivet i 23 kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre. Eigd av Bakkar og Berg Media. |
Dagbladet Pluss |
Eit digitalt abonnementsprodukt frå Dagbladet. Eigd av Aller Media. |
Bodø Nu |
Lokal nettavis som dekker Bodø i Nordland. Kjøpt opp av Amedia rett før nyttår. |
Rana No |
Lokal nettavis som dekker Nord-Helgeland. Kjøpt opp av Amedia rett før nyttår. |
Vefsn No |
Lokal nettavis som dekker Vefsn kommune på Helgeland. Kjøpt opp av Amedia rett før nyttår. |
Medier24 |
Nettavis som skriv om medium, journalistikk og kommunikasjon. Redaktør Erik Waatland er største eigaren med 80 prosent eigardel. |
Trav365 |
Nettavis som skriv hovudsakeleg om hest. Eigd av fleire enkeltpersonar. |
Karmøynytt |
Lokal nettavis som dekker Karmøy kommune. Eigd av Norvegen Media AS. |
Stord24 |
Lokal nettavis som dekker Stord kommune i Vestland fylke. Redaktør Jonas Sætre er største aksjonæren med 50 prosent eigardel, mens Schibsted eig 33 prosent. |
Sjå liste over alle avisene som har søkt om produksjonstilskott for 2020 her.
Nøkkelord
Kontakter
Kristine MeekDirektør kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:+47 918 85 405kristine.meek@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Endret aldergrense på ny familiefilm etter tilsyn7.2.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Den nye norske kinofilmen Kaptein Sabeltann og Grevinnen av Gral har fått ny aldergrense etter at Medietilsynet har ført tilsyn med filmen. Filmen har nå aldersgrense 6 år mens den først var merket tillatt for alle.
Sámi aviissat sáhttet ohcat mediadoarjaga6.2.2025 08:50:00 CET | Pressemelding
Dál lea vejolašvuohta dán jagi ohcat doarjaga Mediabearráigeahčus sámi aviissaide ja sámegielat aviisasiidduide. Dán jagi juogaduvvo veaháš badjel 44 miljovnna ruvnno.
Samiske aviser kan søke om mediestøtte6.2.2025 08:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknadene om støtte i år til samiske aviser og samiskspråklege avissider. I år skal det fordelast litt over 44 millionar kroner.
Fem millionar kroner til forsking på medium og dataspel6.2.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Støtta til medieforsking blir fordelt på ni forskingsprosjekt og tre masteroppgåver. To av prosjekta får støtte frå regjeringas handlingsplan mot speleproblem.
Ny rapport om kunstig intelligens: Redaktørstyrte medier, EU-regler og kritisk medieforståelse viktig for beredskapen5.2.2025 16:33:39 CET | Pressemelding
Mediepolitiske tiltak ble fremhevet da en ekspertgruppe onsdag la fram en ny rapport om kunstig intelligens og valg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom