NVE har sikra 27 bustadar mot skred i Lom

NVE har bistått Lom kommune med å bygge anlegget, som sikrar Ulstad mot steinsprang. Overleveringa vart markert med snorklipping og ei felles synfaring.
- Eg vil gratulere Lom kommune med dagen. No er 27 bustader her i Ulstad betre sikra mot steinsprang. Det betyr redusert fare og større tryggleik i kvardagen for folk her, seier vassdrags- og energidirektør, Kjetil Lund.
Kartlegging i 2008 viste stor skredfare
NVE har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredfare og støtter kommunane med kartlegging, sikring og arealplanlegging.
- Det er ein sentral del av NVE sitt samfunnsoppdrag å bidra til sikring mot flaum og skred. Når klimaet no er i endring, må vi rekne med fleire skred- og flaumhendingar framover. Det er som regel god økonomi å sikre på førehand framfor å bruke store summer på å rette opp i etterkant. I åra som kjem bør vi i Noreg nok auke innsatsen på dette området, seier Lund.
I 2008 kartla NGI skredfaren i Lom, på oppdrag frå kommunen. Kartlegginga avdekka stor skredfare ved bustadfeltet Ulstad, med fleire openberre lausneområde i form av berghamrar, store enkeltblokker og steinurer like over bustadfeltet.
Krevjande sikringstiltak
I 2013 søkte Lom kommune NVE om økonomisk og fagleg bistand til å sikre bustadane, og detaljprosjekteringa starta hausten 2017. Det har vore utfordrande å gjennomføre tiltaket på grunn av trongt og bratt terreng, krevjande grunnforhold og nærleiken til bustadane.
Sikringsvollen sikrar mot steinsprang
Skredsikringa består av ein om lag 450 meter lang voll bygd opp av jordarmerte masser, og eit steinspranggjerde på om lag 70 meter. Vollen fangar i tillegg opp andre typar lausmasseskred og tek hand om overvatn bak vollen.
Skredsikringa gjev eit akseptabelt tryggleiksnivå mot steinsprang for dei 27 bustadane, i tråd med kommunen sitt ynskje.
Fakta
- Tidsrom utføring: august 2018–oktober 2019
- Kostnad: om lag 61 mill. kr
- Prosjektering: NGI og Nordplan
- Entreprenør: Erling Rolstad AS
- Underleverandørar:
- Tentex AS - jordarmering
- Norsk Bergsikring AS – steinspranggjerde
Kontakter
Senioringeniør Christian Lillemork
tlf. 91 68 44 91
Fagansvarlig Paul Christen Røhr
tlf. 94 50 73 13
Regionsjef Toril Hofshagen
tlf. 90 03 42 44
Bilder






Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
