
Barnesongar med tekstar av kjende norske lyrikarar i eit landskap av latininspirert visejazzpop
Kvifor blunkar stjernene» (album): 21. november
Studiobandet Gode høns, med base i Kristiansand, gjev i haust ut det fyrste albumet sitt, «Kvifor blunkar stjernene», med ni nye viser for heile familien.
Tekstane er skrivne av Ingvar Moe, Jan-Magnus Bruheim, Ragnar Hovland, Rune Belsvik og Per Olav Kaldestad.
Melodiane, som er laga av Odd Volden, beveger seg i eit landskap somkanskje best kan karakteriserast som latininspirert visejazzpop, med eit akustisk lydbilete og eit energisk, fengande, leikande og rytmisk driv.
Albumet spring ut frå Abup Road Records – det fyrste sjukehusdrivne plateselskapet i Noreg, skipa i 2014. Det er Avdeling for barn og unges psykiske helse (Abup) ved Sørlandet sykehus HF, Kristiansand, som driv Plateselskapet og Abup Road Studio. I tillegg til studioet på sjukehuset, brukar me også Nustate studio, der musikkprodusentane Roar og Richard Farstad held til.
Når Gode høns no kjem med sitt fyrste album, er dette som ein del av eit prosjekt som tidlegare har ført til to EP-ar: ”Den nye guten i gata” (2014) og ”Songar utan bord” (2016). Dei har hatt varierande besetning, men inneheld barnesongar med tekstar på nynorsk av kjende norske lyrikarar og med melodiar av Odd Volden, opphaveleg frå Sandnes, no busett i Drammen, med eit mellomspel i Kristiansand (2000-2013).
Abup Road Records har med dette albumet gått eit hakk opp i kvalitet i dei fleste ledda. Me trur desse songane har potensiale til å nå ut til mange. I samband med dette vart Kjetil Høyer Jonassen engasjert som arrangør og produsent.
Musikarane er handplukka til prosjektet og er knytta til det anerkjende fagmiljøet ved Institutt for rytmisk musikk ved Universitetet i Agder (UiA) og Ansgarskolen. Alle er røynde frilansmusikarar frå studio- og sceneproduksjonar.
Med på albumet er Kjetil Høyer Jonassen – tangentar og produsent, Trygve Tambs-Lyche – trommer og perkusjon, Fredrik Sahlander – kontrabass og elbass, Øyvind Nypan – gitarar, Pål Rake – vokal, Hilde Norbakken – vokal, barnekor frå Posebyen kulturskole (Blå Kors Kristiansand), Roar Farstad / Nustate studio – teknikar og miksar, Bjørn Erik Pedersen/ White Room – mastring.
Abup Road Records sitt førre prosjekt, albumet ”These Blues In Me” med Ronnie Jacobsen (2017), fekk Spellemannpris i kategorien Blues. Ronnie Jacobsen er leiar for Posebyen kulturskole sjå Blåkors. Til albumet «Kvifor blunkar stjernene» har Gode høns fått hjelp av eit barnekor frå denne kulturskulen.
Fylgjande tekstar er med på «Kvifor blunkar stjernene»: Flyttedikt (Ingvar Moe), Kvifor blunkar stjernene (Jan-Magnus Bruheim), Dinosaurane (Ragnar Hovland), Byen søv (Ingvar Moe), Voggesong til Lisbeth (Rune Belsvik), Sommardikt (Ragnar Hovland), Vårmorgon på jorda (Ingvar Moe), Eg kan kasta ein stein (Per Olav Kaldestad), Sjømannsvise (Per Olav Kaldestad).
Albumet er spelt inn i Nustate studio i Kristiansand i juni og september 2019.
Pressekontakt: Kjetil Høyer Jonassen. Mobil: 90513412. E-post: kjetilhoyer@gmail.com
Innspelingaer støtta av:
CREO's vederlagsfond
Haugesund Mållag og Ungdomslag
Om Gode høns

Gode høns er et studio/prosjekt-band med varierende besetning. Hovedprosjektet er å spille inn barnesanger på nynorsk, med tekster av kjente norske lyrikere.
Melodiene som er laget av Odd Volden, beveger seg inn i et landskap som kanskje best kan karakteriseres som latininspirert visejazzpop, med et akustisk lydbilde, og et energisk, fengende, lekende og rytmisk driv. Det er til nå gitt ut to EP'er, to singler og et album. I løpet av 2020 vil det komme mer.
Følg pressemeldinger fra Gode høns
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Gode høns på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.