NRK

NRK har greidd kravet om 25 prosent nynorsk

Del
For første gong har NRK innfridd nynorskkravet. I 2019 var 25,2 prosent av det samla innhaldet til NRK på nett, radio og tv på nynorsk.
Språksjef Ingvild Bryn, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og  vikarierande krigkastingssjef (fra 13. januar) Vibeke Fürst Haugen. Foto: NRK
Språksjef Ingvild Bryn, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og vikarierande krigkastingssjef (fra 13. januar) Vibeke Fürst Haugen. Foto: NRK

Det er radiokanalen NRK P1 som har mest nynorsk med 30,5 prosent i 2019.  I året som gjekk har NRK også lukkast med å levere meir nynorsk innhald til nettstaden nrk.no, der nynorskdelenhar auka frå 16 til 18 prosent 

Fungerande språksjef i NRK, Ingvild Bryn, seier det er gledeleg at NRK har nådd målet om 25 prosent nynorsk.  

-Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har vore tydeleg på at vi skulle nå dette målet i 2019, og det har vore ei viktig drivkraft, seier Bryn. 

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen meiner det er utruleg viktig at NRK endeleg har klart kravet om 25 prosent nynorsk.  

-Eg synest faktisk det er litt flaut at vi ikkje har fått det til før, seier Eriksen.  

Han meiner at å auke nynorskbruken har aukaspråkmedvitet i heile NRK. Samstundes meiner han dette også har vist kva NRK betyr for dialekter, samisk og kvensk.  

-Det har betydd mykje at fungerande språksjef Ingvild Bryn og Språkstyret i NRK har vore så oppmuntrande og skapt sjølvtillit hos medarbeidarane, slik at mange er blitt tryggare på å bruke nynorsk, seier Eriksen.  

Sidan 1970 har myndigheitene stilt krav om at 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. I 2015 klarte NRK det på radio og TV. Men 2019 var det fyrste året NRK nådde målet samla for alle plattformer.     

Kontakter

Thor Gjermund Eriksen, kringkastingssjef, NRK: thor.gjermund.eriksen@nrk.no 911 36 198 
Ingvild Bryn, fungerande språksjef, NRK: ingvild.bryn@nrk.no  480 63 742 
Terje Gilleshammer, sjef i språkstyret, NRK terje.gillehammer@nrk.no 95709412 

Bilder

Språksjef Ingvild Bryn, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og  vikarierande krigkastingssjef (fra 13. januar) Vibeke Fürst Haugen. Foto: NRK
Språksjef Ingvild Bryn, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og vikarierande krigkastingssjef (fra 13. januar) Vibeke Fürst Haugen. Foto: NRK
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye