Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i NRK Vestland

Ho har vore distriktsredaktør i NRK Hordaland sidan 2017.
- Eg er stolt og glad over å få å leie det nye distriktskontoret og har stor tru på at vi kan få til noko veldig bra i fellesskap. Med meir samarbeid på tvers av dei gamle fylkesgrensene kan vi byggja sterke fagnettverk og oftare setje dagsorden med journalistikken vår, seier Buanes.
For å styrkje den fordjupande journalistikken i Vestlandvert noverande distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, redaksjonssjef for fordjuping og samarbeid ved det nye distriktskontoret.
- Det er avgjerande at vi har miljø som kan levere kvalitetsjournalistikk også utanfor Oslo. Eg ser fram til å jobbe tett saman med dei flinke journalistane våre med å få fram fleire store prosjekt frå heile Vestland, seier Gilleshammer.
NRK endrar distriktskontorstrukturen i heile landeti lys av ny fylkesinndeling frå 1. januar. Redaksjonane i Førde, Bergen, Sogndal, Odda, Nordfjordeid og Stord blir vidareført som i dag.
Tilbodet til publikum i Vestland vert slik:
- Separate radiosendingar frå Førde og Bergen som i dag, men det blir samsendingar når det er naturleg.
- Vestlandsrevyen held fram som i dag, men hovudsendinga får frå nyttår ny sendetid rett etter Dagsrevyen, kl. 19.45.
- I løpet av januar vert det lokale nett-tilbodet samla på nrk.no/vestland.
NRK Vestland skal fortelje viktige historier frå vestlandsk kvardag som engasjerer flest mogleg, både i det nye fylket og i resten av landet.Distriktskontoret skal styrke mediemangfaldet, nynorsken, demokratiet og den offentlege samtalen i det nye felleskapetvi får frå nyttår.
- Eggler meg verkeleg til å sjå dette teamet sette visjonane for NRK Vestlandut i livet. Dyveke som ein ambisiøs, nytenkande og målretta redaktør, og Terje som med sidrivande kraft og faglege tyngde skal forme ei fordjupande satsing som kjem til å setje spor. Kvar for seg og saman kjem dei til å vere ei skikkeleg god samlande kraft for det nye kontoret, seier fungerande regionredaktør Rune Møklebust.
Kontakter
Dyveke Buanes, tel 97144624
Terje Gilleshammer, tel 95709412
Rune Møklebust, tel 97585849
Bilder


Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
NRK TV-aksjonen i 2026 til Flyktninghjelpen18.6.2025 17:01:00 CEST | Pressemelding
Stiftelsen Flyktninghjelpen er tildelt TV-aksjonen i NRK for 2026
Team Bachstad krysser det sørlige Afrika18.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Øystein Bache og Rune Gokstad drar på sin ellevte tur sammen. Denne gangen reiser Team Bachstad til Afrika.
Dette kan du sjå på NRK i sommar13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Kjendisar i konkurransemodus, fiskefeber, masse humor og moralske dilemma i jungelen. Her er NRKs sommarmeny.
Dette er deltakerne i NRKs nye sommersatsing13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Silje Nordnes står ved roret når 20 kjente personer skal konkurrere om hvem som mestrer sommeren best. Deltakernes personlighet blir også sentral i «20-stjerners sommerferie».
Se verdens beste dødsere på NRK11.6.2025 11:59:33 CEST | Pressemelding
Det er en ekstremsport med stadig økende popularitet internasjonalt. Nå har NRK sikret seg rettighetene til å sende både verdensserien og VM i dødsing.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom