Femårsjubileum for Herborg Kråkeviks Juleroser!

Årets Juleroser har bidrag frå Siri Hustvedt, Lars Saabye Christensen, Sumaya Jirde Ali med mange flere. Utgjevingane er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont.
JuleroserogBarnas Juleroserer litterære julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. I samband med femårsjubileet for nye Juleroser har vi lånt framsida frå Juleroser 1902. Å byggje bruer frå den tida til vår tid, og å visefram samtidskunstnarane våre slik dei gamle redaksjonane gjorde det i si tid, er eitt av måla med Juleroser. Stjerna er årets julesymbol og har inspirert mange av bidragsytarane.
Årets to hefte har bidrag frå mellom andre Siri Hustvedt, Lars Saabye Christensen, Sumaya Jirde Al, Tore Kvæven, Arve Tellefsen, Andreas Wahl, Maja Lunde, Iben Akerlie og Simon Stranger. Hefta er rikt illustrerte med bidrag frå dei beste biletkunstnarane, i år mellom andre Inger Sitter, Marianne Heske, Mari Kanstad Johnsen og Svein Bolling.
Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heftet vart relansert i 2015. For Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet:
-Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroserog Barnas Juleroserkan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet.
Mandag 25.11 og tysdag 26.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Bergen og Oslo. Billettar i sal no.
Heile lista over bidragsytarane i Juleroser 2019 ligg nederst i denne pressemeldinga.
For avtale om intervju med Herborg Kråkevik eller bidragsytarar, ta kontakt med kommunikasjonssjef KarinHelgøy i Samlaget: Mobil: 9719865karin.helgoy@samlaget.no
Pressekontakt i Egmont Tonje Tornes:tonje.tornes@egmont.com
De som er med i årets Juleroser er:
HERBORG KRÅKEVIK og MATHIAS EICK
Har saman laga den nye julesongen Gled deg.
UTVALDE FORFATTARAR
LARS SAABYE CHRISTENSEN
SIRI HUSTVEDT
Skriv varmt og ope om si norsk-amerikanske barndomsjul i Minnesota, og korleis rituala frå den gong framleis er viktige i hennar julefeiring
MAJA LUNDE
Tar oss med på hyttetur når ho skriv nært og rørande om snøsmelting, snøkanonar og klimakrise.
TORE KVÆVEN
Har skrive ei mystisk og sterk novelle med driv i. Kven eller kva er det jenta rømmer frå?
SUMAYA JIRDE ALI
Har skrive eit nydeleg kjærleiksdikt frå Kairo.
ARVE TELLEFSEN opnar opp i samtale med ALFRED FIDJESTØL og fortel om sin barndom i fattige kår i ei anna tid, i eit anna liv.
SIGMUND LØVÅSEN
Gir oss ein tjuvstart på markeringa av 100-årsjubileet for Kjell Aukrust, den folkekjære kunstnaren og humoristen frå Alvdal.
UTVALDE KUNSTNARAR
KJELL AUKRUST
Juleroser er stolt over å vise fram fleire av måleria frå Aukrust si hand i årets hefte, ei meir ukjend side av kunstnaren.
SVEIN BOLLING
Bolling kjem stadig tilbake til stjernene i sitt arbeid. I årets Juleroser kan du sjå tre av verka hans; «Pulsar Noire», «Mesteren/fortelleren» og «Bollicelling».
SERGEI SVIATCHENKO
Nye Juleroser har altså femårsjubileum i år, og vi tillèt oss å leika litt med framsidene frå dei opphavlege hefta: dei vakre skattane som kom ut frå 1881 til 1944. Leiken går via blikket, hendene og saksa til Sergei Sviatchenko.
RANDI NYGÅRD
Nyttar ein teknikk kalla frottage-teikning. Kunstnaren legg eit tynt papir rett på bre-isen og dreg hendene innsmurde i kol over det. Ved å ta på isen gjennom papiret framkallar ho bilete av møtet mellom eigne strøk, strukturar i papiret og isen sine former. Eit møte mellom is og karbon oppstår, der spor etter dei store kreftene og rørslene i breen som har skura fram fjella, dalane og fjordane våre, kjem fram.
MARIANNE HESKE
Har skrive om barndomsminne frå Tafjord og bidrar med eit fotografi av huset framfor eit majestetisk fjell.
STÅLE BLÆSTERDALEN
Er ein kunstar Juleroserredaksjonen har hatt lyst til å vise fram. No fekk vi sjansen ved å la hans bilde illustrere Tore Kvæven sin tekst. Det eine bildet «Spranget» skulle ein tru var laga spesielt til novella.
Nøkkelord
Kontakter
Tonje TornesPressekontakt
Tegneserier og barnebøker
Bilder
Lenker
Om Story House Egmont
Story House Egmont er Norges største utgiver av blader, magasiner, tegneserier og digitale tjenester til voksne, barn og unge. Selskapet har også investeringer i e-handel og digitalbyråer, og utgir over hundre kjente merkevarer. Story House er en del av Egmont - et av Nordens største mediekonsern med 6600 ansatte og aktivitet i 30 land. Vårt motte We bring stories to life har sterke publisistiske verdier. Egmont står bak mer enn 700 magasiner, tegneserier, Klikk.no, TV 2, Nordisk Film, kinodrift, samt flere deleide selskaper. Egmont er en stiftelse som årlig deler ut over 100 millioner kroner til et bedre liv for barn og unge.
Følg pressemeldinger fra Story House Egmont
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Story House Egmont på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Story House Egmont
Ny norsk tegneserieroman gir barna helter de kan kjenne seg igjen i!11.6.2025 13:59:35 CEST | Pressemelding
Hva får du når du blander mytologi, magi, mysterier og mangfold? Du får Maria Storm og Mythosordenen – en ny storsatsende tegneserieroman for barn mellom 7 og 12 år, skrevet av Joseph S.S. Ampofo og illustrert av Jofrid Sandgren Østenstad.
Førstemann til mølla når Anniken åpner dørene til sin cookies – popup shop i Bjørvika!6.6.2025 08:52:04 CEST | Pressemelding
Helgen 5.- 8. juni er en sjelden mulighet til å sikre deg eksklusive cookies bakt av den bestselgende bakebokforfatteren Anniken Bævre. Med sine moderne og innovative varianter av cookies har hun skapt en ny bakebølge i Norge, og nå kan hvem som helst få tak i dem i hennes Pop Up shop i Bjørvika. Men baksten er kun tilgjengelig i 4 dager!
Amalie Snøløs debuterer med gripende farsroman: - Den handler om å forsone seg med sin egen historie26.5.2025 15:21:12 CEST | Pressemelding
«Faren min døde i dag. Eller egentlig i går. Men det var først i dag jeg fikk vite det. Slik som treet som falt i skogen, var han levende helt til jeg fant ut at han var død.» Slik begynner prologen på den nye romanen til Amalie Snøløs. Boken har hun skrevet i samarbeid med Ida Løkås, og den har fått tittelen «Vi er ikke blod».
Vinner av den store juleheftekonkurransen kåret!26.5.2025 12:34:23 CEST | Pressemelding
– Vi fikk tilsendt overveldende mange gode bidrag til denne konkurransen, men juryen var likevel helt samstemte når det gjaldt hvilke tre bidrag som skulle opp på pallen! sier juryleder og redaktør for det nye juleheftet, redaksjonssjef Iselin Røsjø Evensen.
Han ble kjent som hele Norges jomfru – men er han fortsatt jomfru?25.4.2025 15:59:58 CEST | Pressemelding
Det får vi nå vite, når nettserien om Fabian endelig lanseres på NULL47. En serie om unge gutter, psykisk helse, press, skam og sex i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom