Vestlandsbedriftene er positive trass internasjonal uro
Resultatindeksen har lege stabilt på rundt 62 det siste året. No stig den til 63,8. Vestlandsindeksen går frå 0 til 100 – alt over 50 indikerer eit positivt syn på tilstanden. 63,8 er soleis eit solid tall og den positive trenden gjeld for alle vestlandsfylka.
– Det er kjekt å sjå at bedriftene her på Vestlandet tar deler av marknaden og leverer jamt over gode resultat. Den svake norske krona er nok ein av grunnane til at det går så bra. Eksportbedriftene blir meir konkurransedyktige internasjonalt og hotell og restaurantar møter kjøpesterke turistar her heime, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest.
Positive framtidsutsikter
Framtidsutsiktene er også gode for Vestlandsbedriftene. Forventningsindeksen stig frå 65,3 i førre kvartal til 66,9. Auka etterspurnad og betre lønsemd er hovudårsaka til dette.
– Bedriftene på Vestlandet forventar auka aktivitet dei neste seks månadene, trass i stor uro hos fleire av våre handelspartnarar. Det er kanskje noko overraskande for ein region som i so stor grad er retta mot eksport, men det er mogleg vi ser dei positive effektane av ein ytterlegare svekka norsk krone her. Konkurransekrafta for vestnorske eksportørar har betra seg ytterlegare saman med kronefallet gjennom sommaren, seier Fresvik.
Olje- og gass trekker opp
Olje- og gass er ein viktig drivar på Vestlandet og denne bransjen fortset å levere dei mest positive svare i Vestlandsindeksen, både når det gjeld forventingar og resultat. Og det sjølv om oljeprisen har vore på rundt 60-65 dollar den siste tida.
Forventningsindeksen for bedrifter med meir enn halvparten av omsetnaden knytt til petroleumssektoren har aldri vore på høgare nivå i Vestlandsindeksens si historie. Desse bedriftene er også dei som viser størst framgang i forventningane i forhold til førre periode.
– Dette samsvarar godt med SSB-tala for investeringar på norsk sokkel som viser god vekst i anslaga for oljeinvesteringar i 2019. Ifølgje SSB er investeringsnivået opp 16 prosent i år samanlikna med året før. Også anslaga for aktiviteten i 2020 er god. I tillegg spelar den svake norske krona inn for leverandørindustrien. Den veg opp for den forholdsvis lave oljeprisen, seier Fresvik.
Nær full sysselsetting
Vestlandsbedriftene melder at sysselsettinga har stege frå 2. til 3. kvartal i år. Dette samsvarar godt med statistikk frå NAV som viser at det er nær full sysselsetting på Vestlandet med berre 2,29 prosent arbeidsledige. Forventningane til det neste halve året går litt tilbake, særleg sysselsettingsforventningane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal viser ein nedgang.
– Dette må ein sjå i samanheng med dei rapporterte lave forventningane i overnattings- og serveringsbransjen og at bedriftsleiarane i turistfylka tek høgde for turistsesongen og forventar lågare sysselsetting i tida framover, seier Fresvik.
Næringane «forretningsmessig, fagleg, vitskapleg og teknisk kundeteneste + IKT» er mest optimistiske til auka i tala på årsverk dei neste månadene.
Fakta om Vestlandsindeksen
Vestlandsindeks er ein kvartalsvis temperaturmålar for næringslivet på Vestlandet utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse, og vart første gong presentert februar 2012. Dette er den 31. utgåva av Vestlandsindeks, og undersøkinga vart gjennomført blant 700 bedrifter i perioden 12. - 23. august 2019.
Bedriftene er tilfeldig utvalt med to eller fleire tilsette, fordelt på 200 bedrifter i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal og 100 i Sogn og Fjordane. Respondentane blir spurde om viktige indikatorar som mellom anna etterspørsel, sysselsetjing, investering og marknadsutsikter dei tre føregåande månadene og korleis dei forventar at utviklinga skal bli neste halvår. Vestlandsindeks kan vere mellom 0 og 100. Eit tal over 50 indikerer at bedriftene har eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme.
Resultatindeksen viser til bedriftene si oppleving av marknadssituasjonen dei siste tre månader, medan forventningsindeksen viser forventningane bedriftene har til marknadssituasjonen dei neste seks månader. For tredje kvartal 2019 viser Vestlandsindeks ein resultatindeks på 63,8 og ein forventningsindeks på 66,9. Tilsvarande tal for tredje kvartal 2018 var 62,6 og 66,1.
Nøkkelord
Kontakter
Foto: Studio 1 Fotografene
Ragnhild Janbu FresvikKonserndirektør Bedriftsmarked
Tel:95 92 80 38ragnhild.fresvik@spv.noBilder
Om Sparebanken Vest
Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.
Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Rekordmange jentelag får støtte fra Sparebanken Vest10.12.2024 14:34:11 CET | Pressemelding
Nå får rekordmange jentelag støtte til tiltak som bidrar til å gi jenter et bedre fotballtilbud. Alle fotballklubber som har søkt, får støtte!
Sparebanken Vest fortsetter å gå i bresjen for jentefotballen på Vestlandet!2.9.2024 12:59:11 CEST | Pressemelding
Nå er det igjen mulig for lokale jentelag på hele Vestlandet å søke om støtte til treningsleir, trenerkompetanse og egne fotballdager gjennom inititativet, Jenter vil mer. I fjor fikk over 300 lag støtte til tiltak som bidro til å gi jentene et bedre fotballtilbud.
Sparebanken Vest og Sparebanken Sør slår seg sammen28.8.2024 08:08:08 CEST | Pressemelding
Styrene i Sparebanken Sør og Sparebanken Vest har i dag vedtatt en plan for sammenslåing og danner med dette Norges ledende sparebank.
Ser lysere ut for vestlandsbedriftene21.3.2024 08:07:30 CET | Pressemelding
Etter et bratt år for mange, forteller Vestlandsbedriftene at de ser lysere på fremtiden. – Vi er inne i en positiv trend, melder Tore Netland i rogalandsbedriften Alf I Larsen.
Vestlandskonferansen: Handlekraftprisen går til Framo6.2.2024 15:27:56 CET | Pressemelding
Vestlendingane har talt: Bergensbedrifta Framo er Vestlandet si mest handlekraftige bedrift. Framo tok imot Handlekraftprisen på Vestlandskonferansen i Grieghallen tysdag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom