Medietilsynet

Medietilsynet i gang med å utvikle ny mediemangfaldsrekneskap

Del
Medietilsynet har starta arbeidet med å utvikle ein ny mediemangfaldsrekneskap som skal dokumentere og synleggjere utviklinga i det norske mediemangfaldet. Tilsynet har involvert ei gruppe fagpersonar, som nyleg hadde sitt første møte i dette arbeidet. – Målet er å ha klar første versjon av rekneskapen i slutten av 2019, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Rune Hetland, Bente Håvimb, Pål Lomeland, Emma Schiro, Lisbeth Morlandstø, Hallvard Moe, Magnus Reitan, Kristian Tolonen og Helle Sjøvaag (ikkje tilstades) skal hjelpe direktør Mari Velsand og Medietilsynet med å utvikle eit nytt mediemangfaldsrekneskap. Foto Medietilsynet

Eitt av Medietilsynets ansvarsområde er å bidra til å fremje mediemangfald.

– For å få til det på ein god måte, er det viktig for oss å ha relevant og aktuell informasjon om korleis mediemangfaldet i Noreg utviklar seg. Sett i lys av dei raske endringane vi ser i mediemarknaden, meiner vi det er viktig å følgje utviklinga i mediemangfaldet meir systematisk og jamleg. Det er bakgrunnen for at vi no har sett i gang eit arbeid som skal resultere i ein årleg mediemangfaldsrekneskap, seier Mari Velsand.

Mediemangfald langs tre aksar

Medietilsynet jobbar no med å kome fram til indikatorar som på best mogeleg måte kan dokumentere utviklinga i mediemangfald langs tre aksar: Sendarmangfald (informasjon om media og kven som eig dei), innhaldsmangfald (breidda i innhaldet som media formidlar) og bruksmangfald (kva innhald mediebrukarane konsumerer).

Dette er ei tilnærming til mediemangfald som Mediemangfaldsutvalet la til grunn og som vi meiner det er riktig å byggje vidare på. Så er det viktig at dei indikatorane vi vel er godt forankra, blant anna i mediebransjen og på forskarhald. Derfor er vi glade for å få innspel frå ei breitt samansett og fagleg sterk referansegruppe, seier Velsand.

Skal gi auka innsikt om mediebransjen

Grunndataa i mediemangfaldsrekneskapen vil etter kvart bli ope tilgjengeleg for alle, og Medietilsynet vil lage årlege rapportar om statusen for mediemangfaldet.
– Dette er eit stort arbeid som det vil ta tid å få på plass. Målet er å ha ein første versjon på plass mot slutten av året som vi så vil jobbe med å utvikle vidare, seier Velsand.

I tillegg til å presentere ny innsikt, ønsker Medietilsynet etter kvart å invitere forskarar, bransjen og andre relevante aktørar til møte og debattar om ulike aspektar om mediemangfald.

Breitt samansett referansegruppe

• Referansegruppa er breitt samansett og representerer både bransjen, relevante institusjonar og forskingsmiljø:Lisbeth Morlandstø, medieforskar og professor i medievitskap ved Nord universitet
• Bente Håvimb, marknadsanalytikar i Mediebedriftenes Landsforening (MBL)
• Magnus Reitan, samfunnsøkonom i Konkurransetilsynet
• Emma Schiro, ansvarleg for Mediebarometeret i Statistisk sentralbyrå (SSB)
• Pål Lomeland, daglig leiar i Norsk lokalradioforbund
• Hallvard Moe, medieforskar og professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen
• Kristian Tolonen, analysesjef i NRK
• Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA)
• Helle Sjøvaag, medieforskar og professor i journalistikk ved Universitetet i Stavanger (ikkje til stades da bildet ble tatt)

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Rune Hetland, Bente Håvimb, Pål Lomeland, Emma Schiro, Lisbeth Morlandstø, Hallvard Moe, Magnus Reitan, Kristian Tolonen og Helle Sjøvaag (ikkje tilstades) skal hjelpe direktør Mari Velsand og Medietilsynet med å utvikle eit nytt mediemangfaldsrekneskap. Foto Medietilsynet
Rune Hetland, Bente Håvimb, Pål Lomeland, Emma Schiro, Lisbeth Morlandstø, Hallvard Moe, Magnus Reitan, Kristian Tolonen og Helle Sjøvaag (ikkje tilstades) skal hjelpe direktør Mari Velsand og Medietilsynet med å utvikle eit nytt mediemangfaldsrekneskap. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye