Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Kommunane får betre oversikt over skredfaren

Del
Det er berekna at om lag 70 000 menneske i Noreg bur utsett for skredfare i bratt terreng. No lanserer Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ein ny kartserie som vil gi ein langt meir presis oversikt over skredfaren i norske kommunar.

 - Kommunane har lenge etterlyst betre og meir presise kart som gir oversikt over skredfaren i område med busetnad.  Med desse karta gir vi kommunane nettopp det, seier vassdrags- og energidirektør, Per Sanderud.

Kartet er enkelt i bruk og tar høgde for skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Faresonene er teikna inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halde seg til ei skredsone. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva for områder som er utsett for skred.

Odda kommune er den første kommunen i Noreg som får overlevert kart i det nye statlege programmet for faresonekartlegging skred. Overleveringa finner stad torsdag 21. februar kl 18.00 på rådhuset i Odda.

 - Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for rett arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere behov for sikringstiltak, og for lokal skredberedskap, fortel Sanderud.

 Grunnlaget for faresonekarta er kart- og  flybildestudiar, terrengmodellanalysar, og feltsynfaringar. Karta vert produsert på digital form, slik at kommunen og andre kan bruke resultata i eigne verkty saman med andre kartdata.

 Her finn du rapport og kart for prosjektet

NVE si kartlegging rettar seg først og fremst mot eksisterande busetnad og der skredfaren medfører størst risiko. Plan for skredfarekartlegging (NVE rapport 14/2011) dannar grunnlaget for kva område som prioriterast.

Kontaktpersonar
Per Sanderud, vassdrags- og energidirektør, mobil: 945 07 349

Erik Due, kommunikasjonsrådgjevar, mobil: 90 99 14 00

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye