Ikkje løyve til Kjøljua kraftverk i Nordre Land
Kjøljua Kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2,8 MW som var berekna til å gi ein årleg produksjon på omlag 7,3 GWh.
Grunna store konfliktar med naturverdiar vart søknaden avslått utan høyring. Grunngivinga for avslaget er at det langs Kjøljua er ei bekkekløft med stor verdi og ei rekke raudlista artar. Utbygging av Kjøljua kraftverk ville truga bestandar av mellom anna lavartane mjuktjafs og trådragg. Etter NVEs syn vil ei utbygging difor ikkje vere i samsvar med Olje- og energidepartementet sine retningslinjer for løyve til småkraftverk.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gir difor ikkje løyve til Kjøljua kraftverk.
Les meir om Kjøljua kraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Førstekonsulent Erlend Bjerkestrand, tlf. 22 95 92 98
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE stiller nye krav til kraftverkene i Skiensvassdraget19.6.2025 12:01:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har behandlet konsesjonssøknadene til to ulike kraftverk i Skiensvassdraget. Kraftverkene må ta økt hensyn for å bedre fiskevandringen i vassdraget.
NVE gir konsesjon til Seval skog solkraftverk18.6.2025 15:23:04 CEST | Pressemelding
Selskapet Energeia får tillatelse til å bygge Seval skog solkraftverk i Gjøvik kommune. Før solkraftverket bygges, skal planområdet nydyrkes for å tilrettelegge for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
Ny rettleiar for flaumutrekningar18.6.2025 10:07:20 CEST | Pressemelding
NVE har publisert ei revidert utgåve av rettleiar for flaumutrekningar. Tilrådingane i den nye utgåva er dei same som i tidlegare utgåve, men strukturen er endra og teksten er omarbeida for å betre oppfylle klarspråkprinsippa i NVE.
NVE venter lavere strømpriser i Norge enn i Europa18.6.2025 07:01:27 CEST | Pressemelding
NVE anslår at Norge vil ha et kraftoverskudd de neste tiårene, og at vi stort sett får lavere kraftpriser enn de europeiske landene. NVE forventer at en grønn energiomstilling i Europa vil fortsette, men at den vil gå saktere og blir mer krevende framover. Gasskraft kommer trolig til å spille en sentral rolle i det europeiske kraftsystemet også i 2050.
NVE godkjenner støyundersøkelser ved Tysvær vindkraftverk17.6.2025 10:37:38 CEST | Pressemelding
Tysvær Vindpark AS har søkt om midlertidig fritak fra tiltaksplan for støy for å utføre ulike tester. Målet er å finne årsaken til støyproblemer ved anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nå godkjent denne søknaden, men med flere vilkår for gjennomføringen av testingen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom