Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om ny transformatorstasjon og oppgradering av kraftleidningar i Åseral

Del
NVE arrangerer offentleg folkemøte om ny transformatorstasjon og oppgradering av eksisterande kraftleidningar i Åseral kommune i Vest-Agder. Møtet vil finne stad i Flebrukshallen i Åseral, 6. februar kl. 19.00.

NVE har motteke søknad fra Agder Energi Nett om å oppgradere den 27 km lange 132 kV kraftleidninga mellom Sjerka og Longa i Åseral kommune, samt ein søknad om å bygge ny sentralnett transformatorstasjon i Honna i Åseral kommune.

NVE har også motteke konsesjonssøknad frå Statnett SF om å spenningsoppgradere dagens 300 kV-leidning til 420 kV frå Solhom til Arendal transformatorstasjon. Spenningsoppgraderinga vil innebere ei omlegging på kvar side av den planlagde transformatorstasjonen i Honna i Åseral kommune.

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Agder Energi Nett og Statnett vil orientere om prosjekta.

Søknadane er lagt ut på høyring og er tilgjengeleg på NVEs nettstad:

Søknadane er også lagt ut til offentlig ettersyn i Åseral kommune.

Ytring sendast elektronisk på e-post til nve@nve.no, via nettskjema på www.nve.no/kraftledninger

eller per post til: NVE, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Frist for ytring er 11. mars 2013.

Kontaktpersonar:
Rådgiver Kristian Marcussen, tlf. 22 95 91 86
Førstekonsulent Anette Ødegård tlf. 22 95 92 69

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye