Løyve til Dagsvikelva kraftverk
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 139 meter og vil endre naturleg vassføring i Dagsvikelva på ei omlag 1,5 km lang strekning. Inntaket vert bygd i Dagsvatnet, som skal regulerast med 0,7 meter. I høve til normalvasstanden i Dagsvatnet på kote 203 er det planlagt ei oppdemming til kote 203,35 og ei senking til kote 202,65.
Av omsyn til naturmiljø og brukarinteresser er det sett vilkår om at det vert sleppt ei minstevassføring i Dagsvikelva på 180 l/s om sommaren og 50 l/s om vinteren. Det er også sett vilkår om at det må installerast ein omlaupsventil i kraftverket, dette av omsyn til anadrom fisk nedanfor kraftstasjonen. Omlaupsventilen skal ha ein kapasitet på 700 l/s eller 40 % av maksimal slukeevne. Samtidig skal trykkrøyr gravast ned på heile strekninga.
Reguleringa i Dagsvatnet vil utjamne vassføringa nedstraums kraftverket i Dagsvikelva til ein viss grad, men NVE meiner det ikkje vil ha særleg stor verknad for laks og sjøaure. Det vil vera nokre negative verknader som følgje av bygging av røyrgate og annen anleggsverksemd. Samtidig er det ikkje registrert nokon spesielle miljøverdiar i tiltaksområdet. Det er lagt til rette for ei best mogeleg tilpassing for landskap og miljø ved NVEs endelege godkjenning av detaljplanen for utbygginga. NVE vurderer at utbygginga saman med avbøtande tiltak er akseptable i høve til allmenne interesser.
Les meir om Dagsvikelva kraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf: 22 95 93 89
Sakshandsamar Asgeir Vagnildhaug, tlf: 22 95 99 37
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
