Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Borgånå kraftverk

Del
NVE gir Borgånå Kraft AS løyve til å bygge Borgånå kraftverk i Suldal kommune i Rogaland. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5 GWh. Det tilsvarar straumbruken til rundt 250 husstandar.

Borgånå kraftverk vil nytte ei fallhøgd på 350 meter mellom eit inntak 353 moh, like nedanfor Vikastølsvatnet, og ein kraftstasjon ved fjorden, 3 moh. Vatnet skal førast til kraftstasjonen i røyr som delvis vert nedgrave og delvis vil ligge i dagen.

Den viktigaste problemstillinga i saka er, slik NVE ser det, omsynet til fjordlandskapet i Vindafjorden. Både røyrgate og kraftstasjon kan verte eksponerte i landskapet, og NVE meiner det er viktig å ta omsyn til landskapet ved utforming og bygging av anlegget.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Borgånå kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Borgånå kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om Borgåna kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Overingeniør Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye