Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Konsesjon til ombygging av Hamang transformatorstasjon i Sandvika

18.12.2012 09:00:22 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE gir Statnett SF konsesjon til å bygge om eksisterande koplingsanlegg på Hamang i Bærum kommune i Akershus. Dagens 300 kV anlegg skal byggast om for 420 kV spenning på dei same areala som dagens anlegg er lokalisert.

NVE meiner at Hamang transformatorstasjon har ei avgjerande rolle for kraftforsyninga til kommunane Asker og Bærum og Oslo Vest. Med bakgrunn i anleggets alder og tilstand vurderer NVE at det er nødvendig med større utskiftingar for å halde fast på forsyningssikkerheita og legge til rette for framtidige spenningsoppgraderingar i regionen.

NVE meiner at ombygging av transformatorstasjonen på eksisterande areal ikkje vil medføre nye vesentlege ulemper for nærliggande busetjing eller allmenne interesser. Etter NVEs vurdering vil situasjonen etter ombygginga være uendra eller betra samanlikna med dagens situasjon. Nye transformatorar lagar mindre støy, og ombygginga av Hamang transformatorstasjon gjer det muleg å sanere 47 kV luftleidning frå Hamang til Berger transformatorstasjon i Asker kommune.

To alternative plasseringar
Statnett har omsøkt to alternative plasseringar av anlegget på aust- og vestsida av dagens E16. På austsida av vegen vil ombygging ikkje få følgjer for nye areal og anlegget vil bli bygd om på dagens stasjonsområde. Denne ombygginga er kostnadsestimert til ca. 400 millionar kroner. Alternativet på vestsida av vegen går ut frå bygging av eit mindre anlegg innandørs. Dette vil krevje mindre areal, men vil vere ca. 250 millionar kroner dyrare enn ved å bygge på eksisterande stasjon som eit utandørsanlegg. Utbygging på vestsida vil i tillegg vere avhengig av framdrifta for bygging av ny E16 i tunnel.

Les meir om ombygging av Hamang transformatorstasjon på NVEs nettstad. 

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 22 95 94 38
Førstekonsulent Simen Sørlie, tlf. 22 95 91 91

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE publiserer ny nettside for vannkraftdata25.2.2026 08:30:00 CET | Pressemelding

Norges vassdrags- og energidirektorat lanserer en ny nettside med oppdaterte nøkkeltall for norsk vannkraft. I den forbindelse har NVE også beregnet det teknisk-økonomiske potensialet for ny vannkraft, til om lag 20 terrawattimer og 21 gigawatt. Dette er et anslag av potensialet før det er gjort grundige vurderinger av konsekvenser for miljø, samfunn og kapasitet i nettet. Det realistiske potensialet er derfor betydelig mindre.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye