Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Onarheim kraftverk i Kvinnherad

Del
NVE gjev Sunnhordland Kraftlag AS løyve til å bygge Onarheim kraftverk i Kvinnherad kommune i Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 27 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumforbruket til 1350 husstandar. I vedtak har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Onarheim kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.

Det er gjort ei heilskapleg vurdering av søknaden, tilleggsutgreiing av alternativ inntaksplassering og dei mottekne høyringsfråsegnene. NVE meiner at dei negative konsekvensane primært er knytt til friluftsliv og landskap. Ved å plassere inntaket lenger ned enn det som opphaveleg var planlagt, meiner NVE at ulempene blir redusert i vesentleg grad. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av kraftverket etter alternativ 2 med inntak på kotehøgde 435. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ytterlegare ved å sette vilkår om mellom anna minstevassføring, omløpsventil og aktsemd i anleggsfasa.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av saka her.

Kontakter

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Overingeniør Tord Solvang, tlf. 22 95 92 48

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye