Avslag til Brekkefossen kraftverk
NVE gir ikkje løyve til bygging av Brekkefossen kraftverk i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Søknaden er avslått grunna store konfliktar med landskap og friluftsliv.
Brekkefossen kraftverk var planlagt med inntak 374 moh. og kraftstasjon 245 moh. i vassdraget Storelva som renn ut i Dalsfjorden. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 5,1 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 14,5 GWh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskap og friluftsliv samt den samla belastninga på synlege fossar i Dalsfjordområdet. Dei fleste høyringspartane er imot utbygging.
NVE meiner at dei negative konsekvensane av tiltaket i hovudsak er knytt til vassdraget sin verdi som eit markert landskapselement i Vassdalen. Brekkefossen ligg i inngangen til eit viktig friluftsområde både lokalt og regionalt. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn øydelegge landskapskvalitetane ved å dele fossen i to og plassere inntaket i det mest eksponerte området av fossen slik at dei tekniske inngrepa vil skape svært synlege og varige sår i terrenget. NVE meiner at kraftproduksjon og omsynet til landskap og friluftsliv i dette tilfelle ikkje er sameinte.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar ved ei utbygging. NVE meiner at den omsøkte utbygginga av vassdraget er i strid med OED sine retningslinjer og ikkje akseptabel i høve til allmenne interesser. På bakgrunn av dette gir NVE ikkje løyve til Brekkefossen kraftverk.
Les meir om Brekkefossen kraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Avdelingsingeniør Siri Merethe Fagerheim, tlf. 22 95 91 75
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom