Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til omlegging av kraftleidning frå Elkem Thamshavn til Orkdal transformatorstasjon

Del
NVE gjev Elkem Thamshavn AS løyve til å bygge ein omlag 3,7 km lang 132 kV kraftleidning mellom Elkem Thamshavn og nye Orkdal transformatorstasjon i Orkdal kommune i Sør-Trøndelag.

Den nye leidningen blir på omlag 3,7 km og vil erstatte 3,2 km av eksisterande leidning. Bakgrunnen for NVE sitt konsesjonsvedtak er å sikre utbygging av eit nytt bustadfelt i Orkdal sentrum. I tillegg vil omlegginga innebere at det blir større avstand til eksisterande busetting. Omlegginga vil ikkje ha betyding for forsyningstryggleiken til smelteverket Elkem Thamshavn.

I området der den nye leidningen er planlagd kan det finnast to raudlista artar. Desse skal gjennom synfaring kartleggast og vidare takast omsyn til ved tilpassing av anlegget. NVE vurderer at den nye leidningen ikkje vil medføre vesentleg ulempe for utøving av friluftsliv i området. Fordelane for eksisterande og framtidige bustadområde vert vurdert som større enn ulempene for miljø- og arealbruksinteressa i området.

Les meir om løyve til kraftleidning Elkem Thamshavn–Orkdal transformatorstasjon på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Katrine Stenshorne Berg, tlf. 22 95 93 27
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 22 95 92 72 eller 901 93 008

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye