Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Øla kraftverk i Nord-Fron

Del
NVE seier nei til søknad frå Øla Kraftverk AS om løyve til bygging av Øla kraftverk i Nord-Fron kommune i Oppland. Bakgrunn for avslaget er omsyn til raudlista artar og naturtype med stor verdi.

Øla kraftverk var planlagd i vassdraget Øla, som renn ut i Gudbrandsdalslågen like nord for Vinstra. Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 2,3 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 7 GWh.

Søknaden er avslått grunna store konfliktar med naturverdiar. Langs Øla finst det raudlista artar som er truga i ulik grad, mellom anna ein sterkt truga art (elfenbenslav) knytt til ein viktig og omsynskrevjande naturtype. Dei raudlista artane krev eit fuktig miljø og vil med stort sannsyn døy ut om kraftverket vert bygd.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Øla kraftverk.

Les meir om avslag til Øydna kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Overingeniør Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye