Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til vindkraftverk i Aremark

Del
NVE gir ikkje løyve til å bygge og drive Kjølen vindkraftverk i Aremark kommune i Østfold.

Etter NVEs vurdering kan Kjølen vindkraftverk vere muleg å realisere i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden. Når tiltakets miljøverknader i vidaste meining vert teke med i rekninga vil likevel ulempene etter NVEs vurdering vege tyngst samanlikna med fordelane for samfunnet. I denne saka har NVE vektlagt tiltakets verknader for det samanhengande naturområdet Ankerfjella, Vestfjella, Trømborgfjella og Rødnesfjella. NVE har også teke omsyn til verknader for naturmangfald, og at ei realisering av tiltaket ville ha ført med seg ein vesentleg reduksjon av Østfolds attverande inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON).

NVE konstaterer at det omsøkte vindkraftprosjektet ikkje har kommunal eller regional tilslutning.

Les meir om avslag til Kjølen vindkraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203
Seniorrådgiver Jørgen Kocbach Bølling på tlf. 22 95 98 54 eller 977 35 439

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye