Lastebiltrafikken mellom Aust- og Vestlandet aukar - stikk imot målsettinga i Nasjonal transportplan

Rapporten er laga på grunnlag av den største godskartlegginga som nokosinne er gjort her til lands.
Her kjem det fram at det er lastebilane som står for heile veksten i godsvolumet til Vestlandet, med ei auke på 100 000 turar på sju år. I transporten på bane og sjø har det omtrent ikkje vore noko vekst.
Dette er stikk i strid med måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport, som inneber meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.
- Om eg skal trekke frem ei enkeltårsak, så er det utviklinga som har skjedd over lang tid med mindre lagerhold lokalt på Vestlandet, og bygging av store sentrallagre på Austlandet seier seniorrådgivar Øyvind Sundfjord, som er oppdragsleiar i Asplan Viak.
Dette har ført til at «lageret er på vegen», og det har gitt auka etterspørsel etter transport med kort framføringsledetid, god punktlegheit og regularitet.
- Det vil altså seie at vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten.
Kvalitet styrer val av transportform
Som eit ledd i undersøkinga utførte Asplan Viak ei rekke dybdeintervju for å få svar på kva det er som bestemmer val av transportform.
- Vi hadde 25 dybdeintervju med sentrale aktørar i bransjen, og svaret var ganske eintydig: Kvalitet styrer val av transportform, deretter pris, seier Sundfjord.
Det viktigaste for val av transportform er framføringstid (herunder regularitet), fleksibilitet og framføringssikkerhet. I tillegg spelar pris inn, men pris er underordna behovet for å få levert godset til rett tid.
Moglege tiltak for å nå den nasjonale målsettinga
Det er mange tiltak som må verke saman for at det skal kunne skje ei endring slik at meir av godstransporten går over til sjø og bane.
- For jernbanen vil det mellom anna vere viktig å utbetre infrastrukturen (raskare bane med fleire kryssingsspor) slik at tidsluker for levering blir tilpassa etterspørselen i marknaden, dvs. transport over natta med levering tidleg morgon, påpeikar Sundfjord.
På Sørlandsbanen er ikkje dette godt tilrettelagt i dag, og jernbanen slit i konkurranse med vegtransporten. På Bergensbanen fungerer det for så vidt bra.
- Men det er dessverre ikkje kapasitet til fleire leveransar i den viktige tidsluka tidleg om morgonen. I Bergen er difor terminalen ei viktig begrensing.
Sjøvegen er ei billig form for transport for verksemder med store godsmengder, men utfordringa på Vestlandet er å bygge opp eit ruteopplegg med høg nok frekvens til at tilstrekkeleg mange verksemder vel å bruke det.
- Konsolidering av gods blir dermed viktig, det vil seie å samle saman så mykje gods i omlandet til hamna at skipsreiarlaga finn det interessant å bygge opp eit godt rutetilbod med konteinar- og RoRo-skip. Nye metodar for konsolidering av gods er difor viktig, og det skjer no ei utvikling på det feltet, seier rådgivaren i Asplan Viak, Øyvind Sundfjord.
Kontakter
Mette Ditlevsen EsseboKommunikasjonsleder/pressekontakt
Tel:+47 400 71 594mette.ditlevsen@asplanviak.noBilder


Lenker
Om Asplan Viak
Asplan Viak er et av Norges ledende rådgivningsselskap innen plan-, ingeniør- og arkitektfirmaer. Selskapet har i snart 60 år bistått med tverrfaglig rådgivning og analyser til offentlig og privat virksomhet. Vi har ca. 1000 medarbeidere, fordelt på 31 kontorsteder.
Følg pressemeldinger fra Asplan Viak
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Asplan Viak på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Asplan Viak
Asplan Viak satser på natur og klimatilpasning9.4.2025 08:20:14 CEST | Pressemelding
Nå samler Asplan Viak sin brede kompetanse på natur og klimatilpasning, og styrker den tverrfaglige innsatsen for å løse store samfunnsutfordringer.
Asplan Viak signerer rammeavtale med Oslobygg12.3.2025 08:23:19 CET | Pressemelding
Asplan Viak har fått fornyet tillit og er tildelt rammeavtale med Oslobygg om arkitekttjenester.
Asplan Viak inngår samarbeid med Ingeniører Uten Grenser5.3.2025 10:03:39 CET | Pressemelding
– Ingeniører Uten Grenser (IUG) gjør et målrettet, praktisk og nyttig arbeid i en verden som dessverre er ekstra tøff for mange for tiden. Det ønsker vi å støtte opp om, sier Elisabeth Kolrud, leder for bærekraft i Asplan Viak.
Christina Hurtig er ny regionleder i Asplan Viak3.2.2025 08:11:50 CET | Pressemelding
Fra 1. februar er Hurtig leder for infrastruktur i region sør i Asplan Viak.
Vant arkitekturkonkurransen om Haslum krematorium31.1.2025 08:58:22 CET | Pressemelding
Arkitekter fra Asplan Viak og Erik Langdalen skal utforme nye Haslum krematorium for Bærum kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom