Story House Egmont

Juleroser frå Herborg Kråkevik

Del
Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes og Håkon Bleken m.fl. er med i Herborg Kråkeviks Juleroser.
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er Juleroser ute i eit rekordstort opplag på 92 000. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet frå 20.11. 

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken, Anne Grete Preus og mange andre. Heftet er rikt illustrert med bidrag frå dei beste biletkunstnarane. Tre vakre kunsttrykk er inkludert. 

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heftet vart relansert i 2015. For Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet: 

Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet.

Tysdag 21.11. og onsdag 22.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane frå heftet på lanseringsarrangement på Litteraturhusa i Oslo og Bergen. Billettar for sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik, ta kontakt med:

Karin Helgøy, informasjonssjef i
Samlaget, tlf.: 970 19 865
e-post: karin.helgoy@samlaget.no

Pressekontakt i Egmont:
Knut Thomas Hagen, tlf.: 996 28 411
e-post: knut.thomas.hagen@egmont.com

ISBN: 978-82-429-5785-6

PRIS: 169,90

Kontakter

Bilder

Om Story House Egmont

Story House Egmont
Story House Egmont
Nydalsveien 12
0441 Oslo

+47 22 77 20 00http://www.egmont.no

Story House Egmont er Norges største utgiver av blader, magasiner, tegneserier og digitale tjenester til voksne, barn og unge. Selskapet har også investeringer i e-handel og digitalbyråer, og utgir over hundre kjente merkevarer. Story House er en del av Egmont - et av Nordens største mediekonsern med 6600 ansatte og aktivitet i 30 land. Vårt motte We bring stories to life har sterke publisistiske verdier. Egmont står bak mer enn 700 magasiner, tegneserier, Klikk.no, TV 2, Nordisk Film, kinodrift, samt flere deleide selskaper. Egmont er en stiftelse som årlig deler ut over 100 millioner kroner til et bedre liv for barn og unge.

Følg pressemeldinger fra Story House Egmont

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Story House Egmont på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Story House Egmont

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye