Løyve til ny Salten transformatorstasjon
NVE vurderer at miljøverknadene av tiltaka er akseptable sett i lys av at dette er ein viktig transformatorstasjon i sentralnettet, som vil auke forsyningssikkerheita mellom Nord-Noreg og Midt-Norge. Stasjonen vil ligge tilbaketrekt på eit platå kalla Lemmen, og vil ikkje vere synleg frå bustadområde i Straumen. Platået er i dag prega av utbygging. NVE vurderer at den nye stasjonen ikkje vil endre høva for friluftsliv i området. Leidningane inn til eksisterande stasjon vil måtte leggast om. Ein ny tilkøyringsveg inn til transformatorstasjonen vil røyre ved ein viktig naturtype med gamal lauvskog og ei samling mykje brukte klatresteinar.
NVE krev at Statnett SF skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggsstart. Planen inneber mellom anna at det ved bygginga av tilkøyringsvegen skal utvisast spesielle omsyn i naturtypen og at det skal hogging i området skal avgrensast. Planen skal også beskrive korleis det kan takast særskilde omsyn til klatresteinane i området. NVE meiner at framlegging av ein godt planlagt miljø-, transport- og anleggsplan kan avgrense skadane i naturtypen og i klatreområda.
Det eksisterer to motlegg til søknaden frå Fylkesmannen i Nordland og Nordland fylkeskommune.
Les meir om løyve til ny Salten transformatorstasjon på NVEs nettsted.
Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Matilde Anker, tlf. 22 95 98 90
Seksjonssjef, Siv Sannem Inderberg, 2295 94 38 eller 901 93 008
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
Rekordmye snø på Svartisen i Nord-Norge, men brefrontene fortsetter å smelte tilbake i hele landet2.12.2025 10:51:21 CET | Pressemelding
Årets bremålinger fra NVE viste mye snø på breene i Nord-Norge vinteren 2024/2025. Den varme sommeren både i nord og sør i 2025 førte likevel til stor bresmelting, og de fleste breene i landet ender med et masseunderskudd. I Det Internasjonale Breåret 2025 viser målinger at også brefrontene i Norge fortsetter å smelte tilbake. På Austerdalsbreen i Sogn førte kalving til 300 meter tilbakegang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
