Konsesjon til ny kraftleidning Rekkedal–Sæbø
NVE gjev konsesjon til å bygge leidningen etter traséalternativ 1. Leidningen vil gå langs søraustlege dalside av Bondalen. NVE gjev òg konsesjon til å byggje ein ny transformatorstasjon på Sæbø. Bakgrunnen for den nye leidningen er at dagens 22 kV-nett ikkje har nok kapasitet for å ta imot all produksjon frå bygda og planlagde småkraftverk ved Hjørundfjorden. NVE meiner ein 132 kV-leidning er den beste løysinga for å auke overføringskapasiteten i området.
Dalsidene i Bondalen er utsett for skred og NVE meiner traséalternativ 1 er akseptabel når det gjeld skredfare. Store delar av traseen går gjennom skog og vil difor gje ulemper for skogressursane, men små verknader for jordbruket. Traseen vil vere godt skjerma frå hovudvegen og bustadane i dalbotnen og gjer etter NVE si vurdering små visuelle verknader. Anlegget kjem ikkje i konflikt med raudlista artar og er ikkje vurdert å gje vesentlege verknadar for naturmangfaldet. Fordelane ved å auke nettkapasiteten for fornybar kraftproduksjon er vurdert som større enn ulempene for miljø- og arealbruksinteressene.
Les meir om kraftleidningen mellom Rekkedal og Sæbø
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 90 19 30 08
Sakshandsamar Martin Windju, tlf. 22 95 94 90
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
