Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til regulering av Movatnet og bygging av Mela kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Movatnet og byggje Mela kraftverk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag. Anlegget vil produsere omlag 11,5 GWh/år og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 575 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på rundt 260 meter.

Naturverdiane som er knytt til prosjektområdet er av stor verdi; storlom hekkar i Movatnet, som er omsøkt regulert, og hønsehauk hekkar ved den planlagde kraftstasjonen. NVE meiner at hekkeplassane til desse artane vert ivareteke ved at ein unngår forstyrrande anleggsarbeid i hekkeperioden og at Movatnet ikkje vert regulert i storlommen sin hekkeperiode. For å ivareta Mela som landskapselement og leveområde for andre vasstilknytta artar som fossekall og strandsnipe, meiner NVE at det skal sleppast minstevassføring heile året.

Med ei sesongmessig minstevassføring på 90 l/s i perioden 1.mai – 30. september og 60 l/s resten av året meiner NVE at skadeverknadene for landskap og miljø vil vere akseptable. NVE vurderar vidare reguleringa og utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til regulering av Movatnet og bygging av Mela kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Mela kraftverk

Kontaktperson:
Seksjonsjef Øystein Grundt: tlf: 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye