Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Tverrgjuvlo kraftverk

Del
NVE gjev BKK Produksjon AS løyve til å bygge Tverrgjuvlo kraftverk i Voss kommune i Hordaland. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 16 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 800 husstandar.

Tverrgjuvlo kraftverk vil etter justerte planar nytte ei fallhøgd på 380 m, med inntak på kote 470 og kraftstasjon på kote 90. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til ca. kote 135. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgrave i grøft.

Konsekvensane for allmenne interesser er primært knytt til fossen i Tverrgjuvlo som landskapselement, men også naturmangfaldet knytt til sjøaure, to lokalt viktige naturtypar og raudlistearten olivenlav. Kraftverkets slukeevne er redusert i forhold til opphavleg søknad slik at det blir meir vatn i fossen. NVE har elles lagt til grunn at den pålagde minstevassføringa saman med tersklar og andre biotopjusterande tiltak, vil sikre oppvekstforholda for sjøaure.

NVE vurderer det slik at ein gjennom detaljplanlegginga kan få redusert ulempene for allmenna. Tiltaket vil gje om lag 16 GWh/år i fornybar energiproduksjon. Vi har på bakgrunn av dette gjeve BKK Produksjon AS løyve til bygging av Tverrgjuvlo kraftverk på nærmare fastsette vilkår.

Les meir om løyve til Tverrgjuvlo kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Rådgjevar Steinar Pettersen, tlf. 22 95 94 03

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye