Løyve til Kaldåna kraftverk
Kaldåna kraftverk vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 325 m, med inntak på kote 580 og kraftstasjon på kote 255. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til ca. kote 350. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgrave i grøft.
Konsekvensane for allmenne interesser er primært knytt til fossen i Kaldåna som landskapselement, og naturmangfaldet knytt til ei mindre fossesprutsone. Det har ikkje vore mogleg å undersøke fossesprøytsona, men NVE har lagt til grunn at med ei god minstevassføring kan verdiane sikrast på ein god måte. Dette vil også kome landskapsinteressene til gode. NVE meiner at ei utbyggingsløysing der øvre del av vassvegen går i tunnel er med på å redusere landskapsinngrepa på ein god måte.
NVE vurderer det slik at med ei utbygging der øvre del av vassvegen går i tunnel og med ei god minstevassføring vil tiltaket ikkje medføre vesentlege ulemper for ålmenta. Samstundes vil tiltaket gje omlag 8 GWh/år i fornybar energiproduksjon. Vi har på bakgrunn av dette gjeve Kaldåna Kraft AS løyve til bygging av Kaldåna kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Les meir om løyve til Kaldåna kraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom