To løyve og eit avslag til småkraftverk i Meråker og Stjørdal kommunar
Vasskraftverka i Reinåa og Sagelva vil få ein samla årleg produksjon på om lag 21,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1100 husstandar.
Reinåa kraftverk (Meraker Kraft AS) i Meråker kommune vil få ein installert effekt på opptil 5,3 MW og vil produsere om lag 14 GWh årleg.
Sagelva kraftverk (Fjellkraft AS) i Stjørdal kommune vil få ein installert effekt på opptil 2,8 MW og vil produsere om lag 7,8 GWh årleg.
Gudåa kraftverk (Meraker Kraft AS) i Meråker kommune ville produsert om lag 17,9 GWh årleg.
NVE har handsama dei tre søknadane saman for å kunne foreta ei heilskapleg vurdering av konsekvensar som først trer fram når sakane blir sett i samanheng. I vedtaka har vi lagt vekt på samla belastning på biologisk mangfald, landskap og INON i området. Konsekvensane for reindrift og brukarinteresser er òg tillagt noko vekt.
Vi meiner den samla belastninga på særskilt øvre del av Stjørdalsvassdraget er stor. Når det gjeld den samla belastninga på bekkekløfter i kommunane Stjørdal og Meråker, meiner NVE at utbygging av både Reinåa og Gudåa vil være i strid med naturmangfaldlova § 4.
Av kløftene i Reinåa og Gudåa meiner vi at Gudåa fyller fleire funksjonar og er viktigast å ta vare på. Kløfta i Gudåa etter NVEs vurdering eit viktig og særprega landskapselement, og vi meiner fråføring av vatn vil ha stor negativ konsekvens.
Bygging av Gudåa kraftverk vil i tillegg medføre tap av villmarksprega naturområde i nasjonalpark.
I vedtaka om løyve til Reinåa og Sagelva kraftverk har NVE lagt vekt på at utbyggingane vil bidra til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar. NVE meiner dei negative konsekvensane ved bygging av Reinåa og Sagelva kraftverk i hovudsak er knytt til landskap, biologisk mangfald og samla belastning.
Reinåa er eit viktig landskapselement i dalen og det finst ei lita bekkekløft langs elva. NVE meiner at ulempene ved bygging av Reinåa kraftverk kan avbøtast ved at kraftverket blir bygd med tunnel i øvre del, og at det sleppast tilstrekkelig minstevassføring hele året.
NVE meiner at legging av røyr langs øvre del av Sagelva vil bli eit svært stort terrenginngrep. Elva har òg ei lita fossesprutsone. For Sagelva meiner NVE at ulempene kan avbøtast ved at inntaket plasserast ved nedre alternativ (alt. 2) og at det sleppast tilstrekkelig minstevassføring hele året.
Vi kan ikkje sjå at dei føreslåtte avbøtande tiltaka i tilstrekkelig grad og med stor nok sikkerheit vil ivareta verdiane som er knytt til Gudåa. Vi meiner difor at tiltaket er i strid med OED sine retningsliner. Sjølv om tiltaket vil gje positive verknader gjennom noko auka kraftproduksjon og lokal verdiskaping, meiner NVE at desse fordelane ikkje veger opp for dei nemnte ulempene.
Kontaktpersoner
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90198216
Overingeniør Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir konsesjon til Seval skog solkraftverk18.6.2025 15:23:04 CEST | Pressemelding
Selskapet Energeia får tillatelse til å bygge Seval skog solkraftverk i Gjøvik kommune. Før solkraftverket bygges, skal planområdet nydyrkes for å tilrettelegge for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
Ny rettleiar for flaumutrekningar18.6.2025 10:07:20 CEST | Pressemelding
NVE har publisert ei revidert utgåve av rettleiar for flaumutrekningar. Tilrådingane i den nye utgåva er dei same som i tidlegare utgåve, men strukturen er endra og teksten er omarbeida for å betre oppfylle klarspråkprinsippa i NVE.
NVE venter lavere strømpriser i Norge enn i Europa18.6.2025 07:01:27 CEST | Pressemelding
NVE anslår at Norge vil ha et kraftoverskudd de neste tiårene, og at vi stort sett får lavere kraftpriser enn de europeiske landene. NVE forventer at en grønn energiomstilling i Europa vil fortsette, men at den vil gå saktere og blir mer krevende framover. Gasskraft kommer trolig til å spille en sentral rolle i det europeiske kraftsystemet også i 2050.
NVE godkjenner støyundersøkelser ved Tysvær vindkraftverk17.6.2025 10:37:38 CEST | Pressemelding
Tysvær Vindpark AS har søkt om midlertidig fritak fra tiltaksplan for støy for å utføre ulike tester. Målet er å finne årsaken til støyproblemer ved anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nå godkjent denne søknaden, men med flere vilkår for gjennomføringen av testingen.
NVE gir løyve til å bygge vasskraftverk i Sunnfjord13.6.2025 14:38:53 CEST | Pressemelding
Bergselva Bygstad kraft AS har fått konsesjon til å bygge Bergselva kraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på 6,2 GWh, som svarar til straumforbruket til om lag 310 husstandar. NVE har stilt vilkår for å redusere dei negative konsekvensane for friluftslivet og naturmangfaldet i området.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom