Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til bygging av Hemså kraftverk

Del
Hemså kraftverk er planlagt bygd i Hemsåni i Sirdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil få ein installert effekt på 1,7 MW og ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

Dei negative verknadene er i hovudsak knytt til redusert vassføring på utbyggingsstrekninga og fysiske inngrep i terrenget. Dette vil redusere verdien av elva med fossen som eit viktig landskapselement, både i samband med opplevinga av kulturmiljøet på Hompland og i høve til friluftsliv og turisme. Mindre vassføring vil òg gje dårlegare livsvilkår for fossekall. Andre interesser vert i liten grad påverka.

NVE meiner det vil vere mogleg å avbøte dei negative verknadene ved slepp av minstevassføring heile året og gjennom god miljøtilpassing av dei fysiske inngrepa. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Hemså kraftverk på fastsette vilkår.  

Les meir om Hemså Kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88, mobil 416 78 203.
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye