IVAR IKS får løyve til uttak av vatn frå Birkelandsvatnet
Løyvet gjeld eit vassuttak på inntil 2,5 m3/s frå Birkelandsvatnet. Uttaket frå Birkelandsvatnet er forventa å auke gradvis frå ca. 1,4 m3/s etter oppstart av anlegget, til opp mot eit maksimalt uttak på 2,5 m3/s i år 2050. For å sikre tilstrekkeleg drikkevatn og minstevassføring i tørre periodar, vil IVAR tappe vatn frå dei regulerte vatna Stølsvatn og Romsvatn til Birkelandsvatnet innanfor den konsesjon IVAR allereie har.
NVE legg vekt på at Mattilsynet som faginstans vurderer Birkelandsvatnet som ei svært sikker kjelde. Mattilsynet har godkjent Birkelandsvatnet som vasskjelde utan klausulering, og meiner at gjeldande lover og regelverk vil skjerme kjelda for uheldig påverknad og ureining i uoverskodeleg framtid. NVE legg difor til grunn at tiltaket ikkje vil føre til auka restriksjonar eller vesentleg endring i arealbruken.
Bjerkreimsvassdraget er eit verna vassdrag og har status som nasjonalt laksevassdrag. NVE legg stor vekt på at dei viktigaste gyte- og oppvekstområda for laks og sjøaure framleis vil vere intakte, og at uttak av vatn i liten grad vil påverke vassføringa nedover i vassdraget. Det er sett krav om slepp av 2,5 m3/s minstevassføring frå Birkelandsvatnet. NVE vurderer at tiltaket vil ha avgrensa verknader for fisk og ferskvassbiologi. NVE legg vidare vekt på at tiltaket i liten grad vil påverke allmenne interesser og verdiar som ligg til grunn for vern av vassdraget.
NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av drikkevatn frå Birkelandsvatnet på nærare fastsette vilkår.
IVAR IKS (interkommunalt vann, avløp og renovasjon) er eigd av kommunane Finnøy, Gjesdal, Hå, Klepp, Kvitsøy, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Sola, Stavanger, Strand, Time og Hjelmeland.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 41 67 82 03
Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 22 95 92 20 / 41 29 30 86
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Lanserer digitalt søknadsskjema for områdekonsesjoner5.6.2025 12:25:18 CEST | Pressemelding
Nå kan søknader om områdekonsesjoner sendes inn digitalt. Det gjør det enklere for nettselskapene å levere gode konsesjonssøknader til NVE, via Min Side.
Fortsatt lite vann på Østlandet4.6.2025 13:09:15 CEST | Pressemelding
En usedvanlig snøfattig vinter, lite nedbør og høy temperatur denne våren har ført til tørke over store deler av Østlandet. Regnet som falt de siste dagene har hatt en begrenset innvirkning på grunnvannstanden og vannstanden i de store innsjøene på Østlandet. Svært lav grunnvannstand og lav vannstand i innsjøene og elvene kan fortsatt skape utfordringer utover sommeren.
Snøskredvarslingssesongen er over for i år31.5.2025 08:21:16 CEST | Pressemelding
31. mai markerer slutten på en nok en sesong med daglig, regional snøskredvarsling. Med over 4300 varsler og nærmere 14 000 observasjoner har både profesjonelle og frivillige bidratt til å gjøre fjellet tryggere for alle. Takk for at du har fulgt med, delt det du har sett og gjort kloke valg i fjellet.
NVE gir konsesjon til Grasmo og Magnormoen solkraftverk28.5.2025 15:53:55 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Differ Energy AS tillatelse til å bygge to solkraftverk i Eidskog kommune.
Kraftproduksjonen i Gausa må ta økt hensyn til storørreten28.5.2025 12:58:04 CEST | Pressemelding
NVE stiller nye krav til kraftproduksjonen i det vernede vassdraget Gausa, Gausdal kommune. Kravene skal sikre tryggere vandringsvei og bedre gyte- og oppvekstsvilkår i et av Norges mest verdifulle storørretvassdrag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom