Odda har fått betre tryggleik mot flaum
21.6.2018 14:06:41 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

- Sikringa har kosta totalt 90 millionar kroner. Rundt 60 bustadar, fleire næringsbygg og -areal har fått betre tryggleik mot flaum, fortel regionsjef i NVE, Brigt Samdal.
Det har vert eit komplisert og omfattande prosjekt. To og ein halv kilometer av elvekanten, frå Sandvinvatnet og ned til fjorden, er sikra med flaum- og erosjonssikring. Rundt 100.000 tonn massar er køyrd til og gamal deponimasse er forsegla for å unngå forureining til elva.
- Under flaumen i 2014 var det store øydeleggingar. Det har vert eit omfattande prosjekt med handtering av store mengder masser for å etablere områda på nytt, fortel Samdal.
Overleveringa vart markert med synfaring. Etterpå vart overtakingsprotokollen signert av regionsjef i NVE, Brigt Samdal og ordførar i Odda kommune, Roald Aga Haug.
- Odda kommune vil føre tilsyn og vedlikehald med sikringsanlegget, seier Samdal.
Betre for både folk og fisk
Opo er eit verna vassdra. Ein viktig del av arbeidet var å legge til rette for gode oppvekst- og levekår for fisk. Biologisk fagkompetanse har vore med under planlegging og utføring av sikringstiltaket.
- For å betra levetilhøva for fisk har vi bygd oppatt elveløpet, laga kulpar og lagt ut gytegrus. Det er gledelig at laksen er observert tilbake i elva, fortel Samdal.
Under planlegging av sikringsarbeidet har NVE nytta landskapsarkitekt for å tilpasse anlegget til lokal arkitektur og kulturminner. Anlegget opnar no opp områda langs elva med tursti og amfi. Det er lagt til rette for vandring langs heile vassdraget frå fjorden og opp til Sandvinvatnet. Noko ein ikkje kunne gjere tidlegare.
- Dei tekniske løysingane tek vare på sikringsaspektet samstundes som elva har blitt tilgjengeleg for folk, seier Samdal.
Arbeidet med flaumsikringa er utført av NVE si anleggseining med innleigde underentreprenør. Totalt blei det utført oppdrag med lokale kontraktar for 80 millionar kroner.
Godt samarbeid mellom Odda kommune og NVE har gitt gode sikringstekniske løysingar og betra tilhøve for livet i elva.
Pressekontakt
Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest, mobil: 90 74 82 38
Erik Due, kommunikasjonsrådgjevar mobil: 90 99 14 00
Fakta
Odda krisehandtering/krisetiltak
- NVE gjekk i gong dagen etter hendinga med planlegging av løysing for krisetiltak og tilkøyring av massar. Lastebilar og gravemaskiner var i full sving i elva etter 2 dagar.
- Ein har utnytta bygginga av krisetiltaket som grunnlag for den permanente løysinga.
Vestlandsflaumen oktober 2014
- Fekk innmeldt over 100 meldingar frå kring 50 kommunar – behov for mogleg bistand til sikringstiltak. Det meste handterer kommunane sjølve, også ein del naturskade.
- NVE kostnadsberekna behov for tilleggsbevilling til sikring på kr 216 mill.
- Regjeringa innvilga kr. 216 mill.
- Totalt 58 tiltak i 19 kommunar i 3 fylker er utført etter flaumen.
- I Odda opplevde fleire å sjå at huset vart teken av flaumen. Kring 25 personar mista heimen sin. I tillegg vart det skade på fleire andre hus og næringseigedomar.
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Dronefilm og intervjuerVideokanal
Bilder

Lenker
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Oransje varsel om flomfare på deler av Østlandet23.10.2026 16:49:45 CEST | Pressemelding
Ekstremværet Boelo er på vei fra Storbritannia mot sørlige deler av Norge. Mye regn er ventet i deler av Telemark, Buskerud, Vestfold og vest for Oslo natt til søndag 25. oktober. NVE varsler fare for flom på oransje nivå. Jordskredfare er på gult nivå.
NVE gir konsesjon til det første nye vindkraftverket på 9 år21.10.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Eviny og Norsk Vind tillatelse til å bygge Moldalsknuten vindkraftverk i Rogaland. Dette er den første konsesjonen til et nytt vindkraftverk, etter flere års stans i vindkraftbehandlingen. Prosjektet er planlagt i et område med gruvedrift og eksisterende vindkraft.
Area Nett får bygge kraftledning mellom Skaidi og Smørfjord i Finnmark21.10.2026 08:31:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Area Nett tillatelse til å bygge en kraftledning på 132 kilovolt mellom Skaidi og Smørfjord. Area Nett har også fått tillatelse til å utvide Smørfjord transformatorstasjon, og å rive deler av dagens ledning mellom Smørfjord og Lakselv.
NVE publiserer oppdaterte energikostnader for ulike typer kraftproduksjon19.10.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat legger fram nye beregninger av hva det kan koste å produsere kraft med ulike teknologier i Norge. Det er fortsatt vannkraft og vindkraft på land som har de laveste energikostnadene, mens havvind og kjernekraft er blant de som koster mest. Kostnadene øker for de fleste teknologier, med unntak av solkraft.
Flere store vannkraftsaker fører til strengere prioritering av vilkårsrevisjoner16.10.2026 10:15:29 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) behandler i dag flere store og komplekse vannkraftsaker enn på lenge. For å sikre fremdrift i prosjekter som kan gi stor nytte for kraftsystemet og samfunnet, gjør NVE nå en tydeligere prioritering på vilkårsrevisjoner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
