Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til opprusting og utviding av Klosterfoss kraftverk

Del
NVE gjev Skien Kraftproduksjon AS løyve til å auke installert effekt og slukeevne i Klosterfoss kraftverk i Skien kommune i Telemark. Kraftverket vil få ein auke i årleg produksjon på omlag 9 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 450 husstandar

Skien Kraftproduksjon AS har i melding til NVE bedt om vurdering av konsesjonsplikt av planar om å auke slukeevna i Klosterfoss kraftverk i Skien med 33 prosent. Den planlagde auken kjem i forbindelse med at turbinar og generatorar skal skiftast ut. Skiensvassdraget har, slik NVE ser det, stor verdi for laks, sjøaure og ål. Eksisterande Klosterfoss kraftverk er konsesjonsfritt. For at NVE skal ha moglegheit til å følgje opp nødvendige tiltak, har vi gjennomført ei forenkla konsesjonsbehandling knytt til den meldte utvidinga.

NVE meiner at vassmiljøet kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkelig minstevassføring over ei av flomlukene og i nye fiskepassasjar forbi inntaket. Vatnet skal sleppast i utvandringsperioden for laks, sjøaure og ål. NVE meiner at med dei fastsette vilkåra er fordelane ved å bygge kraftverket større enn skadane og ulempene for allmenne interesser. Vi gjev difor løyve til opprusting og utviding av Klosterfoss kraftverk.

Les meir om Klosterfoss kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye