Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev løyve til bygging av Kalklav kraftverk

Del
NVE gjev Kalklavkraft SUS løyve til å bygge Kalklav kraftverk i Brønnøy kommune. Kraftverket vil produsere om lag 13,5 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til rundt 675 husstandar.

Kalklav kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 5,35 MW og vil utnytte ei fallhøgde på 197 m frå kote 202 til kote 5 i Kalklavelva. Kraftverket vil gje om lag 13,5 GWh ny fornybar energi årleg.

Kalklavdalen er i dag urørt av tekniske inngrep, med unntak av at elva har noko redusert vassføring som fylgje av ei overføring øvst i nedbørfeltet.

Kraftverket vil etter NVEs vurdering hovudsakeleg ha negative verknadar for reindrifta og for landskapet. Av omsyn til reindrifta og landskapet har NVE sett vilkår om at vassvegen skal gå i tunnel heile vegen frå inntaket og til kraftstasjonen. Dermed vil dalen også etter ei utbygging framstå som forholdsvis urørt. NVE har vidare sett krav om ei sesongvariert minstevassføring.

Kai, kraftstasjon og riggområdet vil vere synlege frå fjorden og dermed ha verknad på eit større landskapsområde. NVE meiner at desse inngrepa tilpassast landskapet på ein god måte.

Samla sett vurderer NVE at nytten av kraftverket er større enn ulempene for ålmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Kalklav kraftverk på fastsette vilkår.

For meir informasjon, kontakt :

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Overingeniør Marianne Bismo, tlf: 22 95 97 08

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye