Ikkje løyve til Sjåstad kraftverk i Lier
Sjåstad kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2,1 MW og ein årleg produksjon på om lag 5,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til 260 husstandar.
Bakgrunnen for avslaget er at tiltaket er planlagt i eit område som gjennom DN sitt bekkekløftprosjekt er vurdert til nasjonalt viktig. Det er funne ei rekkje raudlista artar, og det er eit stort potensiale for funn av fleire.
Vassvegen er planlagt i røyr gjennom store delar av naturtypen. Vanskeleg terreng gjer at inngrepet får stort omfang. NVE meiner dette vil gjere bekkekløfta si verdi vesentleg ringare. Etter vårt syn vil ei utbygging ikkje vere i samsvar med retningslinene frå OED for å kunne gje løyve til småkraftverk.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak.
NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Sjåstad kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
