Løyve til Gjønaelva kraftverk i Fusa kommune
Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 240 meter, med inntak på kote 292 og kraftstasjon på kote 56. Vatnet skal førast i tunnel i øvre del og deretter nedgrave fram til kraftstasjonen. Det er ikkje knytt store landskapsmessige verdiar eller naturverdiar til rundt elvestrekninga der det er søkt om utbygging.
Kraftstasjonen vil bli plassert nedanfor fossen på kote 70, som er naturlig vandringshinder for auren i vassdraget. Elva har gode gyte- og oppvekstområder for aure, men det er berre ein liten del av gyteområdet som blir påverka av utbygginga. Fossen vil få redusert vassføring, men NVE meiner at verdien av fossen som landskapselement vil bli ivareteke med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring. Gyteområdet mellom fossen og kraftstasjonen vil til en viss grad bli tryggja då minstevassføringa er tilpassa den naturleg låge vassføringa i elva.
Storauren gyter i utløpet av Gjønaelva i Gjønavatnet og vil ikkje verte direkte påverka av utbygginga. NVE sett likevel vilkår om installering av forbisleppingsventil for å unngå brå endringar i vassføringa ved stopp i kraftverket.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Gjønaelva kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om løyve til Gjønaelva kraftverk.
Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør, Ellen Flåhagen Andersen, tlf. 22 95 93 71
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom