NVE gjev løyve til Haugafossen kraftverk
Haugafossen kraftverk vil erstatta eksisterande Haugafossen kraftverk. Dagens kraftverk produserer om lag 1,5 GWh årleg.
Nye Haugafossen kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 5,3 MW og vil utnytte ei fallhøgde på 41 m frå kote 52 til kote 11 i Jondalselvi. Kraftverket vil gje om lag 13,25 GWh ny fornybar energi årleg.
Dei negative konsekvensane av ei utbygging er hovudsakeleg knytt til fisk, biologisk mangfald langs elva og til landskap. NVE har sett vilkår til konsesjonen for å avbøte dei negative konsekvensane for smolt på strekninga over inntaket og for anadrom fisk nedanfor utlaupet til kraftstasjonen.
Den raudlista arten kystfloke (VU) er funne langs elva. Arten er avhengig av å bli neddykka i løpet av vekstsesongen. Med omsøkte slukeevne meiner NVE at førekomsten kan bli noko redusert, men at det framleis vil vere overlaup over inntaket, slik at vekstvilkåra til ein viss grad vil oppretthaldast.
Utbygginga vil redusere Haugafossen sin verdi som landskapselement, men vi meiner dette kan aksepterast fordi fossen ligger svært skjerma frå omgjevingane. Ved høge vassføringar vil det vere overlaup over inntaket, og elva vil framstå som stor.
NVE vurderer samla sett nytten av tiltaket som større enn ulempene for ålmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Haugafossen kraftverk på fastsette vilkår.
For meir informasjon, kontakt
:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Marianne Bismo, tlf: 22 95 97 08
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom