NRK

Hausten på NRK

Del
Norsk oljehistorie og Noreg i dag: I dag presenterer NRK nye program som kjem til hausten.
Norsk oljehistorie i dramaserien Lykkeland: Amund Harboe speler ein av fire hovudpersonar som vi følgjer frå 1969 til 1972. (Foto: Petter Skafle Henriksen/NRK/MAIPO FILM)
Norsk oljehistorie i dramaserien Lykkeland: Amund Harboe speler ein av fire hovudpersonar som vi følgjer frå 1969 til 1972. (Foto: Petter Skafle Henriksen/NRK/MAIPO FILM)

Gjer det noko med deg å vekse opp utan kontakt med faren din? Er det personar eller hendingar som har endra deg, gjort noko med deg for alltid? Og kva gjorde det med det norske samfunnet at vi blei ein styrtrik oljenasjon? Dette er spørsmål og tema du kan høyre eller sjå på NRK til hausten. Gjennom drama og dokumentarar viser NRK både enkeltskjebnar og dei lange linjene i norsk samfunnsutvikling.

Her er nokre av programma som kjem på NRK til hausten:

Lykkeland
Haustens store dramaserie på NRK er Lykkeland. Gjennom åtte episodar følgjer vi fire unge menneske under starten på det norske oljeeventyret i Stavanger, frå 1969 til 1972. På ulikt vis formar oljeindustrien liva deira, og dei blir påverka av alle samfunnsendringane i denne tidsperioden; utviklinga av velferdsstaten, framvekst av likestilling, arbeidsinnvandring, EF-kamp og større privat rikdom. Lykkeland er ei forteljing om Noreg. 
Premiere: Oktober
Produksjon: Maipo Film for NRK

Uten pappa
Mikkel Niva har vekse opp utan faren sin. «Kvifor klarte han ikkje vere pappaen min, og kan eg ein dag føle at han er faren min på ordentleg?"», spør han i dokumentarserien Uten Pappa. På ein ekte, modig og humoristisk måte utforskar Mikkel si og faren si historie, og vi følger han gjennom prosessen med å finne ut om dei kan ha eit ekte far-son forhold.
Premiere: September

F-ordet
Dokumentar: Med humor og personleg engasjement undersøker programleiar Ulrikke Falch haldningar til kjønn og kjønnsroller. I løpet av seks episodar skal ho overtyde elevane på ein vanleg vidaregåande skule om at dei er feministar.
Premiere: November

17
Norsk-somaliske Abdi bur på Stovner i Oslo, og bruker fritida saman med kompisane sine. Alt som det pleier å vere, men det Abdi ikkje veit er at om 17 dagar kan livet hans bli snudd på hovudet. Gjennom 17 episodar og 17 dagar tel vi ned. Men til kva? 17 er eit realistisk tenåringsdrama om vennskap, brorskap, dobbeltliv og Groruddalen.
Premiere: September

Elefanten
Finst det ei hending eller ein periode då noko endra seg for alltid? Noko som er uløyst eller som du aldri har fått sagt til nokon? I podkastserien Elefanten (sju episodar) møter du folk som finn mot til å gjere det som står ugjort og til å seie det dei aldri har sagt.
Premiere: September

Gåten Orderud
19 år etter trippeldrapet på Sørum i Akershus er det framleis uavklart kven som faktisk drap dei tre personane i kårhuset på Orderud gard. Dokumentarserien "Gåten Orderud" (seks episodar) stiller spørsmål ved kvifor fire personar vart dømde for trippeldrap når vi ikkje veit kven som utførte drapa. Vi møter personar som på ulike måtar var involvert i saka eller etterforskinga og blir presentert for nytt materiale i saka.
Premiere: Oktober
Produksjon: Monster for NRK.

Bilde og video her: https://bit.ly/2JMw6iH




Kontakter

For meir informasjon om kvart program, ta kontakt med kommunikasjonsansvarleg:
Lykkeland:Helene Amlie (951 00 299)
Uten pappa: Heidi Gjestad (90606483)*
F-ordet: Andreas Blaauw-Hval(938 06 942)
Gåten Orderud: Andreas Blaauw-Hval(938 06 942)
17: Tonje Bergmo (97960885)
Elefanten: presse@nrk.no, 414 28 800

Bilder

Norsk oljehistorie i dramaserien Lykkeland: Amund Harboe speler ein av fire hovudpersonar som vi følgjer frå 1969 til 1972. (Foto: Petter Skafle Henriksen/NRK/MAIPO FILM)
Norsk oljehistorie i dramaserien Lykkeland: Amund Harboe speler ein av fire hovudpersonar som vi følgjer frå 1969 til 1972. (Foto: Petter Skafle Henriksen/NRK/MAIPO FILM)
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye