Vil auke ramma for byggelånsgarantiordninga
Regjeringa foreslår å auke ramma for ordninga til Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) frå fem til sju milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett. Dette kjem etter at regjeringa har fylgt nøye med på kor mykje ramma har vore brukt. Omstilling ved verfta i Noreg etter offshorekrisa har gjeve auka etterspurnad for byggelån.
Regjeringa vil at Noreg skal være best på hav. Verftsindustrien er ein viktig del av den norske maritime klynga. Å halde fram med norsk skipsbygging er sjølvsagt del av denne målsettinga.
Dette gjer vi for å sikre aktivitet ved norske verft og arbeidsplassar i Noreg. Verfta i Noreg har bidrege sterkt til å halde innovasjonsevna oppe etter at ordreinngangen svikta etter oljeprisfallet. Eg ser det som særs viktig å oppretthalde dette nivået, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Norske verft har dei siste åra omstilt seg frå bygging av i hovudsak offshoreskip til ekspedisjonscruiseskip og andre passasjerskip, ferjer, fiskebåtar og skip til oppdrettsnæringa.
– Vi vil at norske verft skal kunne bygge fleire skip og fleire grøne skip. Ei samla maritim næring har spelt inn behov for å auke ramma for å få til dette. No høyrer vi på næringa og aukar ramma så fleire skip kan få byggelånsfinansiering med bistand frå GIEK, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Fakta om ordninga
- Byggelånsgarantiordninga til GIEK nyttast til å garantere for byggelån i samband med bygging eller ombygging av skip, fartøy og innretningar til havs.
- Formålet er å sikre at norske skipsverft, offshoreverkstader og anna relevant verksemd oppnår byggelån gjennom risikoavlastning for private banker. På den måten skal ordninga medverke til auka aktivitet. Ordninga skal bidra til å gjere norske verft meir konkurransedyktige ved å gje lettare tilgang på finansiering.
- Etterspurnaden etter byggelånsgarantiordninga har auka dei siste åra.
- Byggelånsgarantiordninga bidreg til risikoavlasting for private banker. GIEK garanterer for inntil 50 prosent av det enkelte lån, på like vilkår. GIEK si rolle er å auke kapasiteten i finansmarknaden.
- Byggelånsgarantiordninga til GIEK vart oppretta i 2005 med ei garantiramme på 2,5 milliardar kroner og trekkfullmakt på 200 millionar kroner. Ramma vart auka våren 2007 til 5 milliardar kroner. Trekkfullmakta vart auka til 400 millionar kroner i 2008 og til 600 millionar kroner i 2009. Regjeringa fekk i 2009 fullmakt av Stortinget til å sette ramma for byggelånsgarantiordninga til 8 milliardar kroner. Dåverande Nærings- og handelsdepartementet delegerte ei ramme for ordninga til 6,5 milliardar kroner vidare til GIEK. Ramma vart redusert til 5 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2012, og har vore på det nivået sidan. Trekkfullmakta har vore på 600 millionar kroner sidan 2009.
Kontakter
Pressevakt NFDPressevakta er betent mellom 8.00 - 15.45 på kvardagar (8.00-15.00 om sumaren).
Tel:902 51 303 (ikkje SMS)media@nfd.dep.noOm Nærings- og fiskeridepartementet

Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Foreslår å fase ut farledsbevis for russiske navigatører11.7.2025 15:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen vil fase ut muligheten for russiske navigatører til å føre større skip uten los i norske farvann.
Norge styrker samarbeidet med Ukraina under gjenoppbyggingskonferansen i Roma10.7.2025 16:30:00 CEST | Pressemelding
Norge står fast i sin støtte til Ukraina. Næringsminister Cecilie Myrseth leder den norske delegasjonen til Ukraine Recovery Conference (URC) som i år finner sted i Roma 9.–11. juli. Med til Roma er representanter fra næringsliv og sivilsamfunnet.
Norge inngår nye avtaler for å styrke Ukrainas energisikkerhet og grønne omstilling10.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
For å støtte gjenoppbygging og utvikling av et fremtidig og mindre sårbart energisystem, inngår Norge nå tre nye samarbeidsavtaler med NEFCO, UNDP og Energy Community.
Norge og Italia skal samarbeide om kritiske råvarer9.7.2025 16:55:56 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth møtte Italias industriminister Adolfo Urso i Roma for å følge opp avtalen mellom Norge og Italia om samarbeid om kritiske råvarer.
Norge inngår stor og viktig frihandelsavtale3.7.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
I går ettermiddag ble Norge og de andre EFTA-landene enige om en ny frihandelsavtale med MERCOSUR-landene i Sør-Amerika. Energi, industrivarer, skipsfart og sjømat er blant næringene som vil få bedre markedsadgang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom