17 entreprenørar vil ha E39-prosjekt for Vegvesenet

Den delvis fossilfrie riggplassen skal brukast seinare, først og framst i samband med skredsikring på Skredestranda.
Desse 17 vil ha jobben
Heile 17 entreprenørar har levert tilbod på å opparbeida anleggsplassen.
Dei som har levert er (alle prisar er eksklusive moms):
Kveen AS frå Stryn 3.608.153,00
Geir Sandal AS frå Deknepollen 3.875.666,14
Hafstad Magne AS frå Førde 4.203.550,00
Grunnfjell AS frå Atløy 4 650 464,00
Volda Maskin AS 4 657 874,00
Opshaug AS frå Stranda 4.666.855,00
Stein Arne Sunde AS frå Skei i Jølster 4.962.125,00
Mesta AS 5.302.413,01
Aco Anlegg AS frå Tennfjord 5.398.799,80
Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn AS frå Måløy 5.434.650,00
Lesja Bulldozerlag AS 5.552.052,28
Nordfjord Vegservice AS frå Stryn 5.663.155,00
Torleiv Straume AS frå Hyen 5.727.575,00
Norsand AS frå Nordfjordeid 5.991.045,00
Stian Brenden Maskinservice AS frå Dovreskogen 6.000.000,00
Ulstein Entreprenør AS frå Haddal 6.026.370,00
Skjerven AS frå Årdalstangen 6.038.900,00
– Vi skal no kontrollrekna tilboda. Etter dette gjer vi ei innstilling. Tildeling skjer så snart som mogleg etter at karensfristen på ti dagar er ute. Arbeidet startar så snart som mogleg etter dette, og skal vera ferdig til 18. oktober. Vi er godt nøgde med stor konkurranse om oppdraget, seier prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen.
Dette er prosjektet
Den fem mål store riggplassen består av ein del fjell. Entreprenøren som får kontrakten, må først reinska fjellet på tomta og sprengja vekk fjellet. Massane skal brukast til å fylla på tomta.
– Dette er ein kortreist gjenbruk som er ein del av klima- og miljøprofilen som er viktig i alle Statens vegvesen sine kontraktar, legg Fjellkårstad til.
Etter at fyllinga av tomta er gjort, skal vald entreprenør asfaltera, laga grøfter og montera veglys, gjerde og oljeavskiljar. I vestre del av arealet skal det opp ein om lag fem meter høg natursteinsmur.
Når sjølve skredsikringa startar, er førebels uvisst. Det som då skal gjerast, er å skredsikra åtte punkt langs Skredestranda. Statens vegvesen har starta arbeidet med å laga reguleringsplan, og håper å få vedteken ein slik plan i løpet av året.
Skredestranda/Holmøyane på E39 langs Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, vert gjennomsnittleg trafikkert av 1398 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 20 prosent, eller 280, lange køyretøy (tungtrafikk).
– Vi tar vare på det vi har
Skredsikring går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.
– Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for samfunnet og klimaet. Dette er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Gode tilhøve for skredsikring er ein viktig del av dette.
– Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon, slik at vegen framleis skal vera trygg og føreseieleg framkomeleg for trafikantane, avsluttar Fjellkårstad.
Statens vegvesen inspiserer alle riks- og europavegar etter fastsette intervall som skal vareta trafikantane sin tryggleik til ei kvar tid. Skredsikring skjer etter geologiske inspeksjonar.
Nøkkelord
Kontakter
Sonja FjellkårstadProsjektleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:99165857sonja.fjellkaarstad@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vær obs på kantslått8.6.2023 12:01:12 CEST | Pressemelding
Dette bør du vite i tilfelle du møter på kantslått langs veiene i sommer.
Stopper all kantslått for å hindre brann8.6.2023 10:46:00 CEST | Pressemelding
Veimyndighetene tar brannfaren på alvor og stopper all kantslått langs europavei, riks- og fylkesvei. Aktivitetene opphører kl.16 i ettermiddag.
Brannøving i Kolltveittunnelen8.6.2023 07:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer brannvernøving i rv. 555 Kollveittunnelen førstkommande laurdag, 10. juni.
Stenger som planlagt E18 Bjørnsvikbrua retning Oslo 10. til 11. juni 7.6.2023 17:18:24 CEST | Pressemelding
E18 Bjørnsvikbrua i Bærum kommune stenges som tidligere varslet i retning Oslo fra klokken 15:00 lørdag 10. juni til klokken 12:00 søndag 11. juni.
Stenger vestre seglingsløp under Måløybrua7.6.2023 10:00:00 CEST | Pressemelding
Måndag 12. juni stenger Statens vegvesen vestre seglingsløp under Måløybrua.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom